Kven blir den tredje rådmannen under Frp/H-regimet?
Kven blir den tredje rådmannen under Frp/H-regimet?

Jakta på etterfølgjaren er starta

Prosessen med å finna Knut Terje Rekves etterfølgjar er sett i gang. Tre aktuelle hovudjegerfirma ønskjer å bistå Os kommune i arbeidet.

Kommunens viktigaste administrative jobb skal fyllast, etter at Knut Terje Rekve nyleg varsla sin avgang som rådmann.

Eit politisk oppnemnt utval beståande av Terje Søviknes (Frp), Marie Bruarøy (H) og Helge Steinum (Ap), samt dei tillitsvalde Åse Gjerde (Delta) og Jonny Christensen (Fagforbunde), er sett ned for å utarbeida ei innstilling til kommunestyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så langt er tre rekrutteringsfirma med hovudkontor i bergensregionen spurt om å koma med tilbod til kommunen om fagleg bistand. Dei er Headvisor, Mercury Urval og Bønes Virik. Måndag 12. oktober skal representantar frå dei tre møta arbeidsgruppa. Deretter blir eitt av dei valt ut til å rekruttera rådmannen. I tillegg til å lysa ut stillinga, kan det også bli aktuelt å kontakta aktuelle personar direkte.

- Må ha leiarkompetanse

Neste steg er å utarbeida ein profil. Det vil seia å definera kva erfaring og øvrige krav den nye rådmannen skal oppfylla.

- Kva eigenskapar vil de sjå etter?

- Det ønskjer eg ikkje å kommentera no før me har drøfta det i arbeidsutvalet, seier ordførar Terje Søviknes.

- Å finna ein ny Rekve vert i alle fall vanskeleg?

- Ja, gode rådmenn veks ikkje på tre. Det viktigaste er at vedkomande har leiarkompetanse og forståing for kompleksiteten. Det er ein stor organisasjon å leia, med 8-900 årsverk og ei omsetjing på halvannan milliard kroner. Men leiarkompetansen kan ein opparbeida seg både i privat og offentleg sektor. Det er ikkje eit krav at ein kjem frå kommunal verksemd, slik tilfellet var med Knut Terje Rekve, seier Søviknes.

Går alt etter planen er vona at arbeidsgruppa kan leggja fram ei innstilling til kommunestyret 15. desember. Om ein rekk fristen er sjølvsagt avhengig av at ein får inn nok gode søkjarar og at intervjurundane går greitt.

Paul Manger blir truleg fungerande

Knut Terje Rekve har sin siste arbeidsdag 31. desember, og på nyåret vil det bli naudsynt å konstituera ein fungerande rådmann medan ein ventar på at den nye rådmannen kan tiltre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ut frå måten organisasjonen vår er bygt opp, ligg det i korta at assisterande rådmann, Paul J. Manger, vil fungera i den perioden, seier Søviknes.

Det vert sjølvsagt også mogleg for interne kandidatar å søkja på stillinga. Dei vil behandla på lik linje med andre søkjarar i prosessen.