Os på jumboplass
Nesten ingen norske kommunar bruker mindre på barnevern, barneskular, barnehage og kommunehelseteneste enn Os. Det viser Unicefs kommuneanalyse.
Ved å slå saman KOSTRA-tal (offisiell norsk kommunestatistikk journ. mrk) frå alle norske kommunar, har Unicef rangert kommunane frå 1 til 5, der 1 er lågast, innanfor fire variablar: Grunnskule, barnehage, barnevern og kommunehelseteneste.
KOSTRA-tal fortel kor mykje ressursar kommunane bruker på born, meir enn kvaliteten på tilbodet. Likevel syner tala også store skilnader innanfor fagutdanning i skule og barnehage, behandlingstid i barnevernet og årsverk per barn i kommunehelsetenesta mellom kommunane.
Artikkelen held fram under annonsen.
I fylgje tal gjengitt iAftenposten, endar Os kommune nesten sist i bortimot alle kategoriane.
Heilt på bånn
I tabellen som syner snittet av kommunens arbeid innanfor barnehage, barneskule, barnevern og kommunehelseteneste, kjem Os på ein 415. plass og 1.5 poeng. Til samanlikning tronar Bygland i Aust-Agder øvst med 4,6 poeng.
Ser ein på barnevern åleine, kjem Os på 414. plass med 1.26 poeng. Ser vi på mengde ressursar brukt på barneskular, klatrar Os nokre få plassar opp til 396. plass og 1.3 poeng,
Målar ein kommunehelsetenesta, ramlar Os ned att til 402. plass og to poeng.
Kvalitet
- Vi kjem alltid dårleg ut på slike statistikkar, seier leiar i Tenesteutvalet, Eirik André Hesthamar frå Frp. Han syner til at Os er ein såkalla låginntektskommune med berre om lag 45.000 kroner i inntekt per innbyggjar.
- Vi har kanskje mindre pengar enn andre å bruka per barn, men dersom vi måler kvalitet i tenestene, gjer vi det ikkje så verst, seier Hesthamar som viser til at Os enda på ein 59. plass på Kommunebarometeret. Denne måler kvaliteten på tenesta.
- Eg skjønar at det ser gale ut, men statistikken fortel ikkje heile sanninga, seier han.
Skuldar på Frp/Høgre
Jon Sivert Rykkel (V) arbeider som lærar og sit i både formannskap og kommunestyre for Venstre. Han legg skulda for dei dårlege tala på Frp/Høgre.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Statistikken viser etter mitt syn det som har vore hevda av fleire parti gjennom valkampen. Frp og Høgre prioriterer ikkje born og unge høgt nok. Dersom politikarane bruker meir pengar på målretta tiltak, vil det vera med på å heva den samla kvaliteten.
- Hesthamar, det er vel ein viss samanheng mellom ressursane vi bruker og kvaliteten vi får att?
- Det eg kan seia er at vi er opptekne av KOSTRA-tala og kva dei kan læra oss. Dersom det er store avvik mellom oss og andre samanliknbare kommunar, er vi raske til å ta kontakt for å finna ut korleis vi kan bli betre, seier han.
Ishall
Rykkel meiner Hesthamar vrir seg unna.
- Pengar er ikkje irrelevant. Ved sidan av kommunebarometer, kan vi til dømes sjå på skulane sine nasjonale prøver. Der ligg vi under landsnittet. Fylgjeleg er ikkje alt slik det skal vera, seier Rykkel.
- Eg synest det er verdt å merka seg at når det er snakk om å prioritera penger til skule, barnevern og liknande, får vi høyra at kommunen har lite penger. På den andre sida skal ein byggja og drifta ein ishall for millionar i året, seier Rykkel oppgitt.
- Ja, det er riktig at Os er ein låginntektskommune, men det hindrar oss ikkje i å prioritera meir pengar på dei viktige tenestene som er nemnt her. Og i ein låginntektskommune bør faktisk skule og barnevern koma før ishall, seier Rykkel.
Eigedomsskatt?
Hesthamar viser til at det er skilnad på driftsbudsjett og investeringsbudsjett.
Artikkelen held fram under annonsen.
Medan driftsbudsjettet består av løpande inntekter og utgifter som til dømes løn, pensjon og renter, handlar investeringsbudsjett om utgifter til nettopp investeringar. Dette kan vera bygg av typen skular, Luranetunet, Bjørnefjorden Bufellesskap med meir.
- Men Hesthamar, kvifor vert det brukt så lite pengar på noko så viktig som born?
- Om vi berre måler ressursbruk på tenestene våre, vil vi koma dårleg ut på dei fleste. Det viktigste er kva vi får ut av ressursane vi nyttar. Vi lyt prioritera knallhardt heile tida. Til gjengjeld bruker vi nesten ingenting på administrasjon. I fjor var vi nummer to bak Drammen i å bruka minst pengar på byråkratiet. Dei midlane vi har går med til tenesteproduksjon.
- Men om vi har så lite pengar, ville det ikkje vera lurt å innføra eigedomsskatt?
- Haha, det er ikkje eit tema for Frp. Den diskusjonen får du eventuelt ta med ordføraren, seier Hesthamar.