Nytt repertoar frå ny bibliotekar
Halloween-quiz og ein eigen speldag er blant nyvinningane på Fusa folkebibliotek sitt haustprogram. Bibliotekar Martine Durban Jahr (31) er også heilt ny.
Camilla Kvamme
camilla.kvamme@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg hadde lyst til å prøva noko nytt, seier Jahr.
31-åringen flytta frå Oslo til Eikelandsosen. 17. august hadde ho sin første arbeidsdag på Fusa folkebibliotek.
- Eg har gått på folkehøgskule på Vestlandet og likte meg velig godt. Dessutan er det ikkje så langt til Bergen, i tilfelle eg byrjar å lengta etter storbyen, seier Jahr og smiler.
Ho trivast godt på den nye heimstaden sin. Mottakinga har vore god.
- Eg har aldri hatt gangavstand til jobben min tidlegare, seier Jahr.
- Kva ser du mest fram til?
- Å få utfalda meg på alle område i bibliotekverda. Biblioteka eg har arbeidd ved før, har vore større, og eg har hatt ansvar for eitt felt, som til dømes barneavdelinga. No er eg åleine, seier Jahr.
Dylan, Kinck og arabisk litteratur
Blant dei første oppgåvene bibliotekaren har teke fatt på, forutan å omorganisera filmsamlinga, er å ferdigstilla haustprogrammet til biblioteket. Det første arrangementet finn stad i dag. I samband med Markens Grøde inviterer biblioteket til interansjonal kafé med temaet frilufstliv.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Torsdagsakademiet og den internasjonale kafeen held fram som før, fortel Jahr.
I tillegg til dagens , vert det internasjonal kafé på FN-dagen 24. oktober og 28. november. På sistnemnte arrangement vert det fokus på vintersolverv.
Årets første torsdagsakademi finn stad torsdag 15. oktober. Då kjem Johan Storm Munch for å fortelja om diktaren Hans E. Kinck frå Strandebarm. Diktaren vart fødd 11. oktober 1865, og ville med andre ord ha vore 150 år i år.
14 dagar seinare kjem Linda Kjosaas, som er busett i Libanon, for å fortelja om forskjellar og likskapar mellom norsk og arabisk litteratur.
Torsdagsakademi vert det også 19. november. Då tek Tom Roger Aadland, som er kjent for å ha omsett Bob Dylan sine songtekstar til nynorsk, turen innom.
Skummel feiring
Halloween er på ein laurdag i år, og Fusa folkebibliotek inviterer difor til Halloween-quiz i biblioteket.
- Vinnaren får ein skummel, skummel bok, seier Jahr.
Ei anna nyvinning er nordisk speldag. Laurdag 21. november inviterer bibliotek i heile norden til spelaktivitetar av ulike slag.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Hovudfokuset er på dataspel, men det er òg mogleg å spela vanlege brettspel, forklarar bibliotekaren.
I tillegg til overnemnte aktivitetar vert det seniorsurf i biblioteket 8. oktober, og Lucia-feiring 12. desember.
- Eg er ny, men har heldigvis fått god hjelp frå fleire, deriblant kulturleiar Erik Vangsnes, fortel Jahr.