Begjært konkurs - avviser rettsmøte
Ein av kreditorane, Nomaco Services, står bak kravet mot Os-verksemda. Odin Solutions avviser at saka vil enda i retten.
Nomaco Services er eit firma som opererer i same bransje som Odin Solutions - basert på Mongstad.
Rettsmøtet til behandling av begjæringa er lagt til 12. februar. Men dagleg leiar i Odin Solutions AS, Kjetil Moberg, seier til avisa at dette møtet vil bli unngått.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det har vore ein tøff kamp, men det blir ikkje noko rettsmøte neste fredag, uttalar Moberg.
Utover det ynskjer han ikkje å kommentera saka.
Advokaten til Nomaco Services, Bjørn Ove Myhrsveen, skriv i ein sms til avisa at han "ikkje kommenterer enkeltsaker som er i prosess".
Nye opplysningar
Då saka om begjæringa fyrst vart publisert i går, skreiv Os og Fusaposten at det ville bli rettsmøte neste fredag, ut frå berammingslista frå domstolen. Etter publisering onsdag opplyste Moberg om at det var ei utvikling i saka. Torsdag stadfestar han at altså det ikkje vert noko av det omtalte rettsmøtet.
Underskot
Odin Solutions sel eit overflatemiddel kalla Odin Gel til verftsindustrien og til oljeindustrien. Det fjernar grønske og rust og andre avleiringar. Verksemda har vore blant dei raskast veksande i Os, men hadde eit dårleg år i 2014. Ut frå offentlege rekneskap gjekk dei med ca. 3 mill. kroner i underskot dette året.