Søskentreff i eliten: Yngstesøster stakk av med sigeren
Tre osingar var i aksjon i Grundigliga-oppgjeret mellom Sola og Glassverket onsdag. Emilie Christensen stod igjen på det sigrande laget.
Det var kanskje inga overrasking at Emilie og Glassverket skulle vera Sola overlegne i eliteseriekampen i Åsenhallen på Sola onsdag.
Glassverket ligg på tredjeplass på tabellen, medan Sola ligg på åttande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter to gonger 30 minutt hadde Emilie Christensen og Glassverket sikra seg sigeren med sluttsifra 36-23.
- Me kom frå ein litt dårleg kamp i sist serieomgang, så me var veldig spente før oppgjeret mot Sola, men frå 20 minutt og utover følte eg me hadde bra kontroll og vann fortent, seier yngstesøster Emilie.
Fast plass
Det siste året har 22-åringen, som kom frå Fana til Glassverket for to og eit halvt år sidan, spelt seg til relativt fast plass på topplaget frå Drammen.
- Ja, eg har fått meir og meir speletid. Denne sesongen har det godt veldig bra for eigen del, seier ho.
Utanom handballen studerer ho økonomi og adminstrasjon, og jobbar på Glassverkets eiga skulefritidsordning.
Om å møta søstera og ei tidlegare lagveninne seier ho dette:
- Det er vel eigentleg mest spesielt før og etter kamp. I oppgjerets time tenkjer eg ikkje særleg på kven me møter. Då handlar det om å ha fokus på arbeidsoppgåver og å spela eigne lagveninner gode, seier midtbacken, som har forlenga kontrakten med Glassverket til ut 2018-sesongen.
Seks av Anna
Til liks med storesøster Elisa (25) vart det en skåring på Emilie i onsdagens oppgjer. I dette "Os-oppgjeret" var Anna Kallestad Bjørke suveren.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Både Elisa og Anna har utvikla seg godt etter at dei kom til Sola. Mot oss var Anna skikkeleg i slag og skåra fem spelemål og eitt straffemål. Det var imponerande, skryter Emilie.
Anna gjer det bra også på andre lag. Nyleg vart 19-åringen teken ut på juniorlandslaget. I midten av denne månaden dreg ho til Kroatia for å spela VM-kvalifisering mot Kroatia, Hellas og Sveits.
Kjekt å vera to
Elisa kom til Stavanger etter at ho fekk jobb i eit oljeselskap. Steget opp til elitehandballen kom nærast som ein bonus.
- Eg hadde spelt på Fana dei siste åra og følte meg ikkje ferdig med handballen. Då Sola ville ha meg med var valet enkelt, seier Elisa, som no har kjøpt seg leiligheit midt i Stavanger.
Ho føler ho har blitt ein betre spelar etter at ho kom til klubben.
- Ja, eg grip dei sjansane eg får, og heng etter kvart bra med på dette nivået, seier ho.
At Anne Kallestad Bjørke også kom synest ho er supert.
- Me kjente ikkje kvarandre all verda frå før av, men har hengt litt i hop her nede. Det var kjekt å vera to når me var nye, understrekjer Elisa.
Artikkelen held fram under annonsen.
For laget handlar det no om å sikra åttandeplassen på tabellen.
- Me ser ut til å halda plassen i Grundigserien, men målet er også å bli nummer åtte eller betre. Klarar me det, får me vera med i sluttspelet, seier Elisa.