Ikkje lenger gratis for elbilar
Om du køyrer elbil på ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg, må du frå 1. mars betala halv takst.
Frå 1. mars innfører Fjord1 halv takst for elbila på ei rekke ferjer på Vestlandet. Saka var først omtala av Stord24.
I tillegg til sambandet Halhjem-Sandvikvåg, gjeld takstendringane alle samband i Sogn og Fjordane, E39 Arsvågen-Mortavika og Molde-Vestnes, Festøya-Solavågen, og Halsa-Kanestraumen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidlegare har elbileigarar måtte betale for sjåføren, men ikkje for elbilen på ferjene. Med dei nye reglane må elbilane betale halv pris av ordinær køyretøypris.