Skatteetaten vil leggja ned kontoret på Os
Skatteetaten føreslår å leggja ned kontoret på Os og flytta dei tilsette til Bergen
Skatteetaten fekk i februar i år i oppdrag av Finansdepartementet å føreslå ny kontorstruktur med færre og større kontor.
- Forslaget legg til rette for større fagmiljø over heile landet og tek i vare etatens behov for strukturelle tilpassingar, heiter det i utgreiinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skatteetaten føreslår 53 kontor mot dagens 107. Etatens vurdering er at det til og med kan vera tilstrekkeleg med færre enn 40 kontor for å sikra ei effektiv skatteforvalting.
- Når forslaget likevel omfattar 53 kontor, er det fordi det er tatt fleire omsyn enn det som er effektivt for etaten isolert sett, vert det poengtert i utgreiinga.
Skatteetaten meiner dagens kontorstruktur ikkje er tilpassa dei behova etaten har i si oppgåveløysing.
- Vi ser at fysisk tilstedeværelse i dag er mindre påkrevet for vår informasjon, veiledning og kontroll av skattytere. Ved å slå sammen skattekontor, får Skatteetaten større fagmiljø som er bedre skodd til å løse skatteutfordringene i samfunnet, seier skattedirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding.
Etaten meiner omlegginga er ei naturleg vidareutvikling av den "digitaliseringsreisa" dei har tatt med brukarane dei siste 10-15 åra.
Eitt anna argument for samanslåinga av kontor, er handteringa av utfordringar som økonomisk og arbeidskriminalitet.
- Desse krev at etaten arbeider på nye måtar og fordrar at etaten har større fagmiljø.
Skatteetatens behov for å vera tett på næringslivet heng nøye saman med etatens strategiske prioriteringar. Dette har gitt føringar for val av fysisk lokalisering av kontora i den føreslåtte samanslåinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Finansdepartementet skal no, i samråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, vurdera Skattedirektoratets forslag.