På safari i senteret
Ei havørn i fint driv, ein isbjørn som er i ferd med å eta seg mett, pingvinar, slangar, grisar og andre ville dyr er berre noko av det dei handlande kan ta nærare i augesyn i Fjord'n senter i Eikelandsosen i desse dagar.
Dei kreative sjelene som står bak er elevane ved Fusa ungdomsskule. Og akkurat i det Os og Fusaposten er i ferd med å foreviga dyra, kjem fleire av kunstnarane stigande.
- Vi har laga ein gris, ein slange, to elefantar og fleire andre ting, fortel Dina Bakke, Sarha Helland, Ida-Marie Borge, Helene Dale og Maria Åsmul.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jentene går i 8b på Fusa ungdomsskule. Den siste tida har dei brukt tid på laga store og små dyr i pappmasje.
- Vi har fylt formene med papir, og så har vi rulla avispapir rundt formene. Til slutt malte vi dyra, fortel Åsmul.
- Kva var det kjekkaste med prosjektet?
- Å måla dyra, svarer jentene i kor.
8. klassingane er nøgde med resultatet.
- Eg synest det vart overraskande fint, seier Maria.
- Det er gøy at det går an å laga noko så fint av papir, legg Helene til.
Å stilla ut dyra på senteret, synest jentene er kult, men òg litt flaut.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Heldigvis er det ingen som veit kven som har laga kva, seier jentene og ler.
Skulpturutstillinga i Fjord'n senter vert ståande ut månaden.