Os og Fusa bedne om å ta imot fleire flyktningar
IMDi har kome med ferske busetjingsanmodningar til kommunane. Os og Fusa er bedne om å ta imot høvesvis 65 og 30 flyktningar i 2016.
Fylkesmannen anmoda tidlegare i haust Os kommune om å ta imot 45 personar med flyktningbakgrunn i 2016 og i 2017 og 40 i 2018 og 2019. Til saman 170 i perioden 2016 - 2019.
Men behovet aukar stadig. Ferske utrekningar for asylankomstar i år og neste år anslår at Noreg må kunna tilby bustad til 80.000 flyktningar og asylsøkjarar, skrivAftenposten.
Artikkelen held fram under annonsen.
I anmodninga frå IMDi er Os no beden om å ta imot 65 i 2016 og 75 i 2017. For Fusa er tala 30 for neste år og 35 for 2017.
- Situasjonen i det norske mottakssystemet kan no skildrast som ei krise, skreiv statsminister Erna Solberg denne veka i eit brev til landets kommunar.
Onsdag var ho i krisemøte med kommunanes organisasjon, KS, og ordførarane for dei største - og mest råka - kommunane.
Sjølv om flyktningstraumen i år og neste år utløyser behov for å busetja inntil 80.000 personer, er det svært usikkert når UDI rekk å handsama sakene ferdig, skriv Aftenposten vidare.
- Bosettingsbehovet blir nok mye høyere enn det IMDi forutsetter, selv om forsinkelsene i behandlingen av saker vil føre til en opphopning i mottak, både for bosettingsklare og personer med avslag og utreiseplikt, seier områdedirektør i KS, Helge Eide, til avisa.
Assisterande direktør Bjørn Holden i IMDi seier busetjingsanslaget for 2016 kan bli endra, om UDI får behandla fleire saker. Tala for 2017 er også svært usikre.
Einslege, mindreårige asylsøkjarar utgjer ei ekstra utfordring. Dette er ei ekstra ressurskrevjande gruppe, og skal prioriterast i sakshandsaminga og busetjast raskt. I IMDis tal utgjer desse ein tredel av alle busetjingsklare.