Tappan Zee Bridge, New York.
Tappan Zee Bridge, New York.

14. september vert brusaka avgjort

Det er no det vert avgjort. Om det skal bli bru over Bjørnafjorden eller ikkje. Blir det vald eit kommunestyre med fortsatt Frp og H-fleirtal, vil det bli bygd bru. Så enkelt er det, skriv Venstre.

LESARBREV: Om du heller stemmer for dei partia som tydleg har markert sitt standpunkt mot bru, vil det bli svært vanskeleg om ikkje umogleg å leggja ferjefri E39 over fjorden og tvers gjennom Os. I Norge lyttar ein til lokaldemokratiet.

Di stemme i kommunevalet 14. september kan stogga planane om asfaltstripe over Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange av dei som er mot bru over Bjørnafjorden ønskjer å stemme på Os Venstre ved dette valet. Det tar vi på djupaste alvor. Vi starta motstanden mot bru då Glenn Erik Haugland og Os Venstre skipa til møte i Øyane hausten 2012. Os Venstre har halde oppe motstanden, og er stadig på hogget for å drive brukameratane frå skanse til skanse.

Takk vere vår motstand er den mest skånsame ilandføringa på Os-sida den einaste moglege løysinga for ei eventuell bru. Problemet er berre at det finst inga skånsam løysing. Planprogrammet som vart lagt fram like før sommaren var heilt klar på dette. Områda ferjefri E39 eventuelt må forsera gjennom Os er enten "svært sårbare eller svært viktige", stod det svart på kvitt i Vegvesenet sitt utkast.

Det er mange rykte og påstandar om kva som er realitetane i brusaka. Heller ikkje vi som har vore innvolvert i brusaka sidan 2012 kan påstå at vi veit absolutt alt. Men nokre av rykta er det ikkje vanskeleg å ta hol på:

"Brua vert ikkje bygd i vår tid".

- For to år sidan lova statsministeren byggjestart i 2018 og ferdig ferjefri E39 innan 2022. Det er berre 7 år til. Seinast no laurdag lova Erna Solberg ein stor tiltakspakke. Vegar og bruer skal byggjast for å sikra sysselsetjinga på Vestlandet. Brua kan kome før ein veit ordet av det.

"Vi har ingen ting vi skulle ha sagt"

- Det er ikkje sant. Os kommune skal i komande kommunestyreperiode ta stilling til reguleringsplan for Ferjefri E39. Får vi ei sammansetjing av kommunestyret som er mot bru, kan heile reguleringsplanen avvisast. Sjølvsagt har vi noko vi skulle ha sagt. Du har noko du skulle ha sagt. Med stemmeseddelen!

"Vi kjem ikkje til å merke noko til brua"

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi kan lova alle osingane ein ting: Ein motorveg med 6 linjer over Ulvenvatnet og gjennom Kuven der bilane kjem susande i 110 km/t vil merkast. Ei bru der tungtrafikken skal opp over 60 meter over fjorden i toppfart vil også merkast. Alle som bur nær sjøen veit kor godt lyden ber. Det vert aldri meir ein stille dag eller natt for alle som bur ved Bjørnafjorden. Men verst blir det for naturen. Eit samferdselsprosjekt av slike dimensjonar vil måtta føra til store inngrep.

"Det er avgjort, løpet er kjørt"

- Brusaka er langt frå avgjort. Stortinget har enno ikkje fått sagt sitt. Ingen veit om regjeringa faktisk har fleirtal for denne saka i Stortinget. Venstre si stortingsgruppe har ikkje konkludert og følger spent med på kva osingane seier ved valet mandag 14. Osingane kan sende eit kraftig signal ved bruk av stemmeseddelen!

Mange har tatt kontakt med oss dei siste vekene. Mange er opprørte over all propagandaen og halvsanningane som blir framførd av menn i mektige posisjonar. Sanninga er at folk i Hordaland heller vil ha ein sikker E16 mellom Bergen og Voss enn luftslott over Bjørnafjorden, ifølgje ei undersøking gjennomført av NRK. Til og med veljarane til Frp og Høgre vil prioritera andre vegprosjekt enn bru over Bjørnafjorden.

Bru over Bjørnafjorden er eit eliteprosjekt drive fram av nokre få topp-politikarar. Vi i Os Venstre lar oss ikkje blenda av retorikken, vi vel å lytta til folket.

"Eg støttar dåke. Eg er i mot denne bruo over Bjørnafjorden".

Det er ikkje få som har sagt dette til oss dei siste åra, også dei siste dagane vi har stått på stands. Når vi seinare i samtalen spør enkelte kva dei vil stemma, kan dei finna på å svara Søviknes. Vi forstår alle som føler at dette er eit trygt og velkjent val, men saka er at stemmer du Søviknes, så stemmer du samstundes for bru. Stemmer du Frp eller Høgre stemmer du for bru over Bjørnafjorden og då kan alt skje.

Jon Sivert Rykkel

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførarkandidat, Venstre

Glenn Erik Haugland

2. kandidat, Venstre

Astrid Dale

5. kandidat, Venstre