- Satsar på å koma sterkt tilbake
Sjølv om publikum svikta årets Osfest, seier økonomiansvarleg Tor Egil Hylland, at det skal mykje til for at det ikkje vert festival i 2017 også.
Hylland fortel at festivalen no er i ferd med å ta kontakt med alle kreditorane, og informera dei om stoda.
- Første bod for oss no er å få full oversikt over økonomien. Vi har ikkje fått alle krava enno, men eg har gjort nokre berekningar, så eg har ein god idé om korleis vi ligg an, seier Hylland utan å kunna utdjupa noko nærare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dersom avtalane med kreditorane går i hamn, så vil festivalen sitja med eit etterslep eller lån inn i framtida, men unngår "worst case scenario" og kroken på døra.
Ønskjer å halda fram
Sjølv om økonomien er svekka, og det er noko som får konsekvensar for ein framtidig festival, er Hylland klar på at festivalleiinga ønskjer å halda fram.
- Det skal veldig mykje til for at det ikkje skal verta ein ny festival, seier han.
Hylland fortel at mange av dei som festivalleiinga har vore i kontakt med etter Osfest, ser på festivalen som eit viktig bidrag til bygda. Hylland peikar dessutan på at det var mange lyspunkt på årets festival også.
- Marcus og Martinus-konserten var jo eit eventyr. Og tryggleiken og det tekniske gjekk knirkefritt. Dette er noko vi har fokus på, og som kostar pengar. Det hadde gått mykje meir inn på meg om nokon hadde vorte skada på festivalen, seier han.
No meiner Hylland at festivalleiinga må sjå på heilskapen til festivalen, og danna seg eit inntrykk av kva som bør gjerast annleis.
- Vi må sjå på kva erfaringar vi sit att med, og så må vi ta føre oss utgifts- og inntektssida. Vi har prøvt litt forskjellig, og det har vore lyspunkt heile tida, seier han og nemner mellom andre Dum Dum Boys, Gabrielle, Kurt Nilsen og Mike and the Mechanics.
- Det var ingenting som indikerte at publikum ville svikta festivalen på førehand. Vi selte like mange billettar på førehand i år som i fjor, og i fjor gjekk vi med overskot. Vi satsar på å koma sterkt tilbake, seier Hylland.