Kutta av delar av ein finger
Ein mann i 40-åra var ute for eit arbeidsuhell torsdag ettermiddag.
– Ulukka skjedde i samband med arbeid på nye E39. Ein mann i 40-åra hadde eit arbeidsuhell med ein arbeidsbil. Det var ein kjetting som hoppa av, som han skulle fiksa. Han fekk fingeren inn i kjede som starta å gå. Den ytterste delen av eine fingeren blei kappa av. Mannen blei frakta til sjukehus. Politiet har oppretta sak og arbeidstilsynet er varsla, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.