Anne Merete Øvreberg fann denne skoen under bilen hennar i dag. Kven eig han?
Anne Merete Øvreberg fann denne skoen under bilen hennar i dag. Kven eig han?

Kvar er du, Fusas Askepott?

Om kvinna som har mista denne svarte skoen, blei jaga av ein prins, er uvisst. Fusas Askepott kan stikka innom til Anne Merete Øvreberg i Eikelandsosen om ho frys på den eine foten.

- Eg fann skoen i dag tidleg. Han låg under bilen min som stod parkert utanfor huset. Eg har ikkje brukt bilen sidan fredag, og reknar med at dette kan ha skjedd i helga, seier Øvreberg.

Skoen står på muren

Om nokon av lesarane våre har gått forbi huset til Øvreberg, på ein snarveg forbi bedehuset, og mista skoen utan å merka det, noko som forøvrig er godt gjort, så kan du kontakta Øvreberg for å få han attende.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Skoen står på muren utanfor. Det er så tørt og fint vêr at eg tenkte at eg kunne setja han ut der, i tilfelle nokon går og leitar, seier ho.

- Kunne vore Askepotts sko

I helga hadde Øvreberg besøk av niesa, som er 16 år gamal. Ho var på fest i samfunnshuset, men det er ikkje hennar sko.

- Det er ikkje ein veninne sin sko då?

- Ein pen, men samstundes enkel sko i storleik 38. Det kunne ha vore Askepotts sko, om berre han hadde vore kvit, ler Øvreberg.
- Ein pen, men samstundes enkel sko i storleik 38. Det kunne ha vore Askepotts sko, om berre han hadde vore kvit, ler Øvreberg.

- Nei, det er visst ikkje det.

Øvreberg skildrar skoen som ein vanleg svart damesko med middels høg hel.

- Ein pen, men samstundes enkel sko i storleik 38. Det kunne ha vore Askepotts sko, om berre han hadde vore kvit, ler ho og legg til:

- Det har vore stille og roleg her i helga, og eg anar ikkje kven som kan eiga skoen. Eg trur at det må vera nokon som har mista han ut av ein sekk eller noko slik. Det er uansett rart at han hamna under bilen min.