Tysdag hadde UP ny fartskontroll på Lepsøyvegen. Seks bilistar fekk forenkla førelegg.
Tysdag hadde UP ny fartskontroll på Lepsøyvegen. Seks bilistar fekk forenkla førelegg.

Held fram med å terpa på fartsgrensa

Tysdag hadde UP endå ein fartskontroll på Lepsøyvegen i Os. UP-leiaren trur ikkje det vert den siste.

Etter fleire fartskontrollar på strekninga Bedehuset-Thuen tok «Os og Fusaposten» i midten av januar kontakt med distriktsleiar i UP, Terje Oksnes. Han kunne den gongen fortelja at dei kom til å halda fram med å kontrollera vegstrekninga til talet på fartsoverskridingar gjekk ned.

Tysdag var Oksnes sitt mannskap på plass igjen. Nok ein gong stod dei rigga til ved Os Lakk og Karosseri. Nok ein gong var det fleire bilistar som rauk til i den mest omdiskuterte 50-sona i bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seks gebyr

UP var på plass frå klokka 15.30 til 17.00. På denne tida tok dei seks bilistar som heldt for høg fart. Samtlege fekk forenkla førelegg på staden. Høgste målte fart var registrert til 73 km/t. Ergo mista ingen av dei bøtlagde sertifikatet.

UP-leiar Oksnes trur ikkje det vert siste gong dei kontrollerer farten på denne strekninga.

- Eg har sagt det tidlegare og eg seier det igjen: Me kjem til å vera på plass med jamne mellomrom for å sjå til at fartsgrensa på Lepsøyvegen vert overhalden. Dette er på ingen måte eit prioritert område for oss, men me ser jo - mellom anna ifølgje tala du referer til no - at det det framleis er naudsynt at me er tilstades, seier Oksnes.

Distriktsleiar i UP, Terje Oksnes, seier som han sa tidleg i januar. - Me sjekkar farten jamt og trutt til me ser at tala på fartsoverskridingar går ned.
Distriktsleiar i UP, Terje Oksnes, seier som han sa tidleg i januar. - Me sjekkar farten jamt og trutt til me ser at tala på fartsoverskridingar går ned.

Han presiserer at gjentaking av kontrollar på bestemte plassar er heilt vanleg framgangsmåte for UP.

- Poenget er sjølvsagt ikkje å ta bilistane for ein kvar pris, men å gjera vårt for å førebyggja for høg fart, og på den måten hindra ulukker, seier Oksnes.

Skjønte bodskapen

UP-leiaren fekk med seg debatten i kjølvatnet av den forrige saka då «Os og Fusaposten» prata med han. Men Oksnes asa seg ikkje opp av den grunn.

- Me er vane med at folk som vert bøtelagt reagerer - og, jauda - eg fekk med meg det opne brevet frå den sinte billisten som mista lappen etter for høg fart på Lepsøyvegen. Til vedkomande har eg berre å seia: Fartsgrensa står klart og tydeleg fleire plassar. Når ein bryter denne, må ein ta konsekvensane.

- Kva med dette omgrepet som vart nytta i saka: «Dressera» trafikantane. Skjøner du at nokon reagerte på denne ordbruken?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tja, det var ein måte å forklare korleis me tenkjer. Eg kunne sikkert vald ein anna måte å forklara det på. Eg trur dei fleste skjønte bodskapen, seier Oksnes.

Fem gebyr på Hatvikvegen

UP hadde totalt to kontrollar i Os tysdag ettermiddag/kveld. Frå klokka 17.00 til 19.00 stod dei i 50-sona på Hatvikvegen.

Her vart det delt ut fem forenkla førelegg. Høgste registrerte fart var 71 km/t.