Løysinga for å samla opp fiskeslammet består av traktforma oppsamlarar som vert installerte direkte under merden, og som blir haldne oppe av flyteelement på utsida av merden. (Illustrasjonsbilete GRAS)
Løysinga for å samla opp fiskeslammet består av traktforma oppsamlarar som vert installerte direkte under merden, og som blir haldne oppe av flyteelement på utsida av merden. (Illustrasjonsbilete GRAS)

Ny teknologi for å samla opp fiskeslam

AS Bolaks og Lift Up AS samarbeider om ny teknologi for oppsamling av fiskeslam og har difor søkt om seks utviklingsløyve.

Prosjektet har fått namnet GRAS (Grøn resirkulering av akvakulturslam) og har tatt mål av seg å mogleggjera oppsamling av slam i stor skala.

Løysinga består av traktforma oppsamlarar som vert installerte direkte under merden, og som blir haldne oppe av flyteelement på utsida av merden.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Med denne teknologien har vi god tru på at vi skal kunna auka produksjonen vår av matfisk utan å leggja beslag på nye areal, og samtidig også redusera belastninga på den marine biotopen under lokalitetane. I tillegg kan vi byggja vidare på utstyr, infrastruktur og metodikk som vi i næringa har opparbeidd kompetanse på i fleire år, seier dagleg leiar Bjørg Holmefjord Antonsen i Bolaks i ei pressemelding.

Lift Up er utstyrsleverandør til havbruksnæringa og er marknadsleiande innan system for dødfiskhandering. Sidan 2012 har selskapet prøvd ut ulike metodar for oppsamling av slam frå oppdrettsmerdar i sjø.

- Vi ser på fiskeslam som ein ressurs med stort unytta potensial, både som biogasskjelde og som komponent i plantegjødsel, seier dagleg leiar Liam Heffernan i Lift Up.

- Dersom vi lukkast med å samla opp slam effektivt i stor skala, vil det også bli mogleg å få på plass ein verdikjede som kan ta ut verdipotensialet i slammet som både energikjelde og gjødsel. Dette vil også kunna gje auka verdiskaping og nye arbeidsplassar, meiner Heffernan.