Styreformann i Lysekloster Idrettslag, Svein Kollen (t.v.), håpar på støtte frå Os-supporterar laurdag, då munkane kjempar om opprykk til 2. divisjon. (Arkiv
Styreformann i Lysekloster Idrettslag, Svein Kollen (t.v.), håpar på støtte frå Os-supporterar laurdag, då munkane kjempar om opprykk til 2. divisjon. (Arkiv

BJARG - LYSEKLOSTER: Dei tre viktigaste poenga i Lyseklosters historie

- Me har aldri spelt ein så viktig kamp, seier styreformann Svein Kollen.

Til neste år feirar klubben frå Lysefjorden 70 år. Kampen mot Bjarg avgjer om dei i jubileumsåret er eit 2.- eller 3. divisjonslag.

- Før satsinga starta, hadde me ikkje vore høgare enn 5. nivå. Dette er heilt klart den viktigaste kampen i vår historie, seier Kollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode vinnarsjansar

Trenarane kan plukka av ein skadefri tropp.

- Nei, me kan ikkje skulda på fråvær av sentrale spelarar, for alle er tilgjengelege, seier Kollen.

- Kva tenkjer du om vinnarsjansane?

Så seint som i fjor var Torbjørn Birkelund Lysekloster-trenar. No kan han som Bjarg-trenar, spolera opprykket til gamleklubben.
Så seint som i fjor var Torbjørn Birkelund Lysekloster-trenar. No kan han som Bjarg-trenar, spolera opprykket til gamleklubben.

- Dette er som ein rein kvalifiseringskamp. Det er vinn eller forsvinn. Om me spelar opp mot vårt maksnivå, så skal dette vera grei skuring. Me har ein del spelarar som har vore ute ei vinternatt før, seier Kollen.

Gjensyn med ein gamal kjenning

Ironisk nok er det tidlegare Lysekloster-trenar Torbjørn Birkelund som kan stikka kjeppar i hjula for Lyseklosters opprykk. Birkelund, som var trenar for munkane så seint som i fjor, er no trenar for Bjarg.

- Me bryr oss ikkje om kven motstandaren er, eller kven som er trenaren deira. Det kan vera at det er litt spesielt at han har vore trenar i klubben, men som sagt er ikkje det noko me fokuserer på, seier Kollen.

- Alle ønskjer å slå Lysekloster

Bjarg-trenar Birkelund fortel at han og spelarane gler seg stort til laurdag. Dei har ikkje noko å spela for reint sportsleg, men troppen er gira for denne kampen uansett.

- Det er kjekt å kunne spela ei rolle i siste serierunde. I den posisjonen Lysekloster er i, blir dei til eit lag som alle ønskjer å slå. Det merkar eg godt på spelarane. Eg treng ikkje seia noko spesielt for å motivera dei til denne kampen, seier Birkelund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reint personleg meiner han at det ikkje er så spesielt å møta gamleklubben.

- Eg lever der eg er no. Det er ikkje noko spesielt med Lysekloster, eller nokon andre klubbar, seier han.

Håpar på folkefest

Målet for sesongen var å halda seg i divisjonen, noko dei har klart.

- Då fall det mange kilo av skuldrene mine. Me har eit spanande prosjekt på gang i Bjarg, og gler oss til vegen vidare, seier Birkelund, som håpar på folkefest på Stavollen.

- Eg vil tru at det kjem ein god delegasjon frå Lysefjorden. Eg har høyrt at Bjarg-medlemer også er oppmoda til å stilla på årets siste kamp. Eg kan tenkja meg at det kjem ein 400-500 publikumarar, men det er sjølvsagt litt avhengig av vêret. Kjekt blir det uansett, seier Birkelund.

Håpar Os-supporterar tar turen

Laurdag ettermiddag vert det avgjort om munkane rykkjer opp eller ei. Kollen håpar på støtte frå Lyseklosters-supporterar, og "frir" samtundes til osingar.

- Eg håpar at Os-supporterar vel å sjå bort frå rivaliseringa laurdag. Om me rykkjer opp i år, så håpar eg at Os kan følgja etter neste år. Dette har med fotballkvaliteten i heile kommunen å gjera, seier Kollen.