Morten Arvid Hansen er dagleg leiar i Bøe og Lepsøe AS.
Morten Arvid Hansen er dagleg leiar i Bøe og Lepsøe AS.

Størst i Os - med ein bismak

Tyrlanna, som er paraply for Bøe og Lepsøy-verksemdene, er den største og raskast veksande verksemda i Os. Men dagleg leiar Morten Hansen skulle gjerne sett at dei ikkje var størst.

Under investeringsselskapet Tyr- lanna finn du både Bøe & Lepsøy Prosjekt, Vestafjell, Os Knuseverk og rådgjevarfirmaet A/Stab. Gjennom desse firmaa hadde Tyrlanna ein vekst på 52 mill. kroner frå året før. Dei befestar dermed sin posisjon som den største verksemda i Os med ein omsetnad på 333 mill. kroner. Det er cirka 100 mill. kroner meir enn neste på lista, Bohus, og 200 mill. kroner meir enn ARKA.

Såg potensialet i 1986

Dagleg leiar for Bøe og Lepsøy AS, Morten Arvid Hansen, gjev oss ei omvising ute på Lekven der 25 nye husvære i ei lågblokk snart er klare. 23 av dei er selde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tomta her ute kjøpte me alt i 1986. Den gongen var det berre skog her. Ein må ha langsiktige horisontar i denne verksemda, seier han.

Mykje av nabolaget på Lekven har vore i utbyggjarens hender.

Ny motorveg får litt av æra

Hansen forklarer mykje av fjorårets vekst med større etterspurnad på bustadmarknaden.

Dei 25 husværa i den nye lågblokka på Lekven som Bøe og Lepsøy og Vestafjell står bak, skal vera innflyttingsklare til jul.
Dei 25 husværa i den nye lågblokka på Lekven som Bøe og Lepsøy og Vestafjell står bak, skal vera innflyttingsklare til jul.

- Etter at nyhendet om ny motorveg til Bergen sprakk, skjedde det eit taktskifte i Os. Etterspurnaden gjekk i taket, seier Hansen.

- Då me bestemte oss for å prøva å selja 50 husvære i år, tenkte me at det var eit ganske hårete mål. Men no har me selt 52 alt i oktober.

- De har ikkje nok husvære å tilby i forhold til etterspurnaden no?

- Det kan du godt seia. I alle fall har me måtta framskunda prosjekteringa av nye felt. Akkurat no har me samla 103 husvære under oppføring i bygda. Det er rekord, seier Hansen.

Han legg til at det gode resultatet dei hadde i 2014 er ekstra sterkt med tanke på at dei selte Os Byggsenter til Montér. 60 mill. kroner forsvann i omsetnad på den måten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det handla om at me må konsentrera oss om kjerneverksemda. Alle firmaa våre er no veldig relevante i forhold til kvarandre innan entreprenørverksemd, medan Os Byggsenter handlar om sal av varer, seier Hansen.

- Eit tankekors at me er størst

Sjølv om Hansen sjølvsagt er glad både for veksten og for å vera ein stor aktør i Os, skulle dei gjerne sett at andre verksemder var større.

- Det er fint for vårt sjølvbilete at me er dei største i Os - men eigentleg, eit konsern som omset for 333 mill. kroner er ikkje akkurat enormt. Du skal ikkje reisa så langt før du finn verksemder som har ei vesentleg større omsetning - Austevoll er eit døme. Så gleda over å vera størst har ein liten bismak. Som osing synest eg kommunen burde hatt fleire store verksemder. Os held på å bli ein ganske stor kommune reint folketalsmessig, men me har ikkje noko næringsliv som kan matcha det, konkluderer Hansen.

Midtsiden.no omtalte saka fyrst, då dei denne veka presenterte ei liste over dei 100 største verksemdene i Os, basert på tal frå purehelp.no.