Mistenkt for ruskøyring
Ein 30 år gamal mann vart stogga i Byvegen i Os klokka 17 i ettermiddag, mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.
Klokka 17 i ettermiddag inndrog UP førarkortet til ein 30 år gamal mann som vart stogga i Byvegen i Os. Mannen er mistenkt for å ha køyrt bil i ruspåverka tilstand. Det skriv Vest politidistrikt på Twitter.
Vidare går det fram at det vart funne mindre mengder narkotika på mannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mannen vert teken med til legevakt for blodprøvetaking, heiter det i meldinga frå politiet.
camilla.kvamme@osogfusa.no