Bodyrafting i Oselva kan anbefalast
Fredag heiv to 10. klassar seg uti ved Tøsdal og rafta seg nedover Oselva utan båt.
Det er så absolutt tid for å gjera noko nytt og artig i naturen. Med tropevarme og strålande sol fann lærarstanden og to 10. klassar ut at dei kunne ta ein nærare titt på Oselva ved å «rafta» frå Tøsdal til badeplassen ved Hammaren.
Men raftinga gjorde dei utan båt, eller kajakk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Du kan kalla det bodyrafting. I alle høve gjorde vi det, seier Kari Berge, lærar til klasse 10 C.
Halvanne times tur
Også lærar Rune Dahl og elevane hans i 10D var med på turen.
Elevane starta like ved Tøsdalsvatnet og «aka» seg nedover i elva, flytande i redningsvestar.
– Me var kledde i joggesko, slik at me lett kunne reisa oss og gå når me kom til grunnare område, fortel lærar Berge.
Ho anslår at dei brukte bortimot halvannan time på turen ned elva.
– Og dette kan anbefalast?
– Ja, det var til og med så kjekt at eg tok familien og nokre vener med på same turen dagen etter, ler lærar Berge.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no