Svigermor Duddun Lindborg lovar Eirik Søfteland god støtte i TV2-studioet laurdag. Saman håpar dei at osingar og andre støttar ved å stemma.
Svigermor Duddun Lindborg lovar Eirik Søfteland god støtte i TV2-studioet laurdag. Saman håpar dei at osingar og andre støttar ved å stemma.

– Med svigermor i salen blir det siger

Svigermor Duddun er Erik Søftelands største fan. Laurdag sit ho ringside når osingen skal vinna «Århundrets stemme».

– Det blir min fjerde tur til Oslo for å sjå Eirik. Det er sååå moro. Denne gongen blir me ein ekstra stor gjeng med osingar og familie. Han skal få merka støtta, seier Duddun Lindborg.

«Vaktskifte» i Os

Onsdag var Eirik ein kjapp tur heimom heimbygda før han skal tilbake å gjera seg klar for finalen i songkonkurransen på TV2. Onsdag føremiddag var det «vaktskifte» på gjestebrygga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eirik skal passa Live (1 år), medan eg skal på behandling hos Jarle Pedersen, fortel svigermor Duddun.

Eirik er godt likt av svoger William Lindborgs yngste jente.

– Både Alva (storesøster) og Live liker skjegget mitt, sjølv om eg no har kortare enn eg hadde før, smiler Eirik.

Musikk-kollega June Strønen Halhjem ønskjer Eirik Søfteland hell og lukke i finalen på laurdag.
Musikk-kollega June Strønen Halhjem ønskjer Eirik Søfteland hell og lukke i finalen på laurdag.

Historisk mann

Eirik Søfteland er no klar for sin tredje finale i ein song- eller dansekonkurranse på nasjonal TV. Det er han truleg den første i historia som kan ropa høgt om.

– Ja, du seier noko der. Den tek eg. Tre finalar av fire forsøk, må jo vera bra, smiler han.

Som kjent vart han nummer to i Idol i 2013, vann «Skal vi danse» same år, før han rauk ut noko tidleg i «Stjernekamp» for nokre år sidan.

– Du står i finalen med Øivind «Elg» Elgenes, korleis er det?

– Det er stort. Han er ein fin mann, og ei legende.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg sa det tidleg. Det blir Eirik og Elgen i finalen. Jammen fekk eg rett, ler Duddun.

I salen på laurdag får Dudduns svigerson støtte frå ein heil bunsj.

– Det bir meg og Mia, ho har jo vore med Eirik kvar laurdag bortsett frå ein gong. I tillegg kjem Andreas (Lindborg) og Kaja, karen min Gordon og Mias fetter Marcus frå Sverige.

– Ja, i tillegg kjem pappa (Tord) og Siren, så eg får bra med støtte, smiler Eirik.

Tre songar kvar

I finalen får Eirik og Elg syngja tre låtar kvar. Den første er vald av dommarane, den andre trekt tilfeldig frå eit årstal, medan den tredje er vald av artisten sjølv.

– Eg er veldig nøgd med låtane eg skal framføra. Dommarane valde Metallica-låten «Enter Sandman». Det er ei låt eg diggar. Deretter hamna eg på listetopp i 1957 med Elvis-låta «All shook up», før eg får avslutta med Stevie Wonder-låten «Signed sealed delivered» som eigen favoritt frå 1970-talet, fortel Eirik.

– Og det held til siger?

– Eg ser på det som ein siger å koma til finalen, men er veldig innstilt på å gje alt for å vinna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og for å klara det, treng du all den hjelp du kan få?

– Stemm!!!

– Ps, sendinga byrjar ein halv time tidlegare enn vanleg for å unngå kollisjon med MGP, så følg med, oppfordrar Eirik.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no