Favorittbru vert dyrast
Prosjektleiar Signe Eikenes, seier at den lokale favoritten, røyrbru med synketunell, vert det dyraste alternativet for brukryssinga.
Øystein Lid
Artikkelen held fram under annonsen.
ol@osogfusa.no
Statens Vegvesen jobbar med oppdaterte tal for dei ulike fjordkryssingsalternativa. Dette som del av førebuinga til Kommunedelplanen for ferjefri E39 mellom Stord og Os.
- Me har ikkje tenkt å gå ut med tala før framlegget til KDP blir presentert vår/sommar 2016. Tala er ikkje heilt klare enno, me jobbar med å optimalisera dei tre konsepta, seier Eikenes.
Milliardskilnad?
Dei gamle tala for brukostnader vart presentert i tilleggsutgreiinga frå 2012. Bruer langs midtre trasé (inkludert den over Bjørnefjorden) medrekna konstruksjonar vart då prissett til 13,8 mrd. kroner.
Elles finn ein nokre anslag i ei masteroppgåve frå 2013, som noverande leiar for fjordkryssingsprosjektet, Mathias Eidem, var ekstern rettleiar for. Der anslo Bendik Aarstad desse tala for to av brutypane over Bjørnefjorden:
Flytebru: 10,7 milliardar kroner (+/- 24%)
Røyrbru: 14,1 milliardar kroner (+/- 21%)
I kostnaden for røyrbrua var det då rekna inn ein 4 kilometer lang fjelltunell på kvar side av brua.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det sist oppdaterte talet for Hordfast-traseen som heilskap vart lagt fram som del av riksvegutgreiinga i vår. Kostnaden var då kome opp i 27,4 milliardar kroner.
Den dyraste brua
- Kva type bru har de teke utgangspunkt i når ein kom fram til 27,4 milliardar kroner frå Stord til Os?
- Det er eg ikkje sikker på. Prisane kan både stiga og synka i forhold til det. I starten legg ein inn tydelege sikkerheitsmarginar. Når me landar på eit riktig dimensjoneringsnivå av brua, vil det bli lettare å prissetja dei ulike alternativa, seier Eikenes.
- Er røyrbrua den som vil bli dyrast?
- Ja, det kan sjå slik ut, seier Eikenes.
Me spør Mathias Eidem, kvifor røyrbrua vil bli dyrast.
- Det har med å gjera at det vil gå med så store mengder betong til den brua. Men prismessig, slik det ser ut på teikneblokka no, er ikkje skilnaden mellom dei ulike brutypane så avskrekkande stor, seier Eidem.
Fleire årsaker til kostnadsveksten
Signe Eikenes legg til at årsaka til at kostnadene stadig stig i prosjektet, har like mykje med andre faktorar å gjera enn berre brua.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nye tilkoplingsvegar vert rekna inn, sykkelveg, kollektivfelt, tryggleik knytt til tunellar og EU-standardar. Så den endelege kostnadsramma kan både stiga og synka avhengig av desse faktorane, seier Eikenes.