Tilsvar til dokter Vegard Hodneland

Ein doktor si vurdering er ikkje alltid den beste for pasienten, særskilt ikkje når den er tufta på doktoren si personlege overtyding - som den altfor ofte er, både i abortspørsmål og andre omstendem skriv Jorunn Vadlid Svellingen.

 

LESARBREV: Viser til ditt innlegg i «Os og Fusaposten» laurdag 17. oktober, der du skriv at sidan kyrkja no likestiller to syn på ekteskapet, så er det ikkje lenger trong for noko form for reservasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nei, det burde ikkje vera det. Og kyrkja har med dette teke eit godt steg i rett lei. Spørsmålet er korleis dette kjem til å fungera i praksis. Og Hodneland må ha følgd dårleg med i timen eller rettare sagt det som har blitt skrive i Os & Fusaposten seinare tid, elles ville han ha fått med seg at påtroppande sokneprest i Fusa nektar å viga likekjønna. Viss ikkje det er å reservera seg, kva kallar du det då? Og det er nok diverre mange prestar rundt om i Noreg som har same ståstad.

Eg kjenner òg til tidlegare tiders lobotomering av psykisk sjuke og tvangssterilisering av tatrar. "Takk og pris for at noen endret samfunnets behandling av disse gruppene", skriv du, og held fram: "Ettertiden vil kanskje vurdere vår håndtering av enkelte utsatte og forsvarsløse pasientgrupper som forkastelig".

Det er jo nett det eg prøver å påpeika her og no! Eg er imot abort som ein lettvint etter-prevansjon. Men eg er òg imot at kvinner skal kjenna seg pressa til å bera fram og føda eit barn uansett omstende. Ein må òg tenkja på kva tilhøve dette barnet kjem til å veksa opp under, og kva slag liv det vil få. For hjelpeapparatet er ikkje - og vil heller aldri bli - godt nok til å fanga opp alle hjelpetrengjande born. Og dei medieoppslaga som kjem når slike alvorlege forhold vert avdekka, er berre toppen av isfjellet.

Eg var sjølv eit uønska barn som vart fødd inn i ein dysfunksjonell familie. Alt frå tidleg skulealder hadde eg - som fylgje av dette - utvikla fleire psykiatriske diagnosar. I vaksen alder kom eg inn i uheldige levekår, og då eg søkte hjelp innan psykiatrien og helsevesen, fekk eg - grunna faglege vurderingar til mitt eige beste - noko som betydde å seia nei til mine ynske som pasient - alt ansvar for problema lagd over på meg. Dette øydela dei deler av livet mitt som ikkje var øydelage frå før. Og det etiske var ofte fråverande her.

Så difor seier eg på ny: Ver audmjuk og trø varsamt. Lytta på og respektera pasientane i alle tilhøve. Ein doktor si vurdering er ikkje alltid den beste for pasienten, særskilt ikkje når den er tufta på doktoren si personlege overtyding - som den altfor ofte er, både i abortspørsmål og andre omstende. Det er ofte svært liten margin mellom det å hjelpa og det å trykkja ned. Dette har eg sjøv dyrekjøpt røynsle for.

Og til sist: Sjølv om du er djupt ueinig i mine synspunkt, kunne du likevel ha synt meg såpass respekt at du bruker mitt fulle og heile namn i ditt tilsvar til innlegget mitt av 14. oktober.

Jorunn Vadlid Svellingen