God generalprøve i Sarpsborg
Førre helg gjorde dei ein flott innsats på Tunevannregattaen i Sarpsborg. Til helga viser ungdomane i Os Roklubb seg fram på heimebane.
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
16 utøvarar frå Os Roklubb var i aksjon i Tunevannregattaen i Sarpsborg førre helg. Mange av dei reiste heim igjen med medalje og gode resultat.
Det gjekk i eitt frå laurdag morgon til søndag ettermiddag. Klubben har fleire unge roarar som gjorde det bra. Mellom anna Anders Solstrand Ludvigsen og Espen Sørstrømmen Hauge, som deltok i open klasse. Matilde Ottesen Hustad er også nybyrjar. I helga deltok ho i DJD-klassen der ho gjorde det bra, fortel Hanne Haaland Hillestad i Os Roklubb.
Også to av dei yngste i klubben deltok i Sarpsborg.
- Eivind Vevatne og Marius Ottesen Hustad rodde kjempeflott, så desse gutane vert spennande å følgja vidare, seier Hillestad.
Fleire medaljar
Junior D-gutan Mikael Ottesen Hustad, Johannes Klyve Forsbø, Håvard Jacobsen Askvik og Lars Erik Vevatne deltok alle i dobbeltfirar, dobbeltsculler og singelsculler både laurdag og søndag. Lars Moberg Haukeland tok femteplass på laurdag og søndag i singelsculler for junior C.
Herrar junior B-gutane Aleksander Haaland Hillestad og Oding Hjelm Sørstrønen kom til A-finalen laurdag og enda der som nummer seks. Søndagen vart det B-finale, der dei vart nummer tre.
Aleksander vann begge sine singelheat laurdag og søndag. Oding fekk fjerdeplass som beste plassering.
Erling Øyasæter og Mattias Haugland tok tredjeplass i dobbeltsculler for herrar senior laurdag og søndag, medan dei i lag med Oddbjørn Gjerde og Fridtjof Øyasæter tok andreplass i dobbeltfirar begge dagane.