Bodil Friele med årets festspillutstilling
Vedholmen Galleri viser for tida si tredje separatutstilling - «Just colours» - med koloristen Bodil Friele.
Festspillutstillingen 2016 vart opna laurdag 7. mai. Opningstalen var ved Anne-Grete Strøm-Eriksen. Magne Johan Lunde og saxofonist Svein Atle Breistein stod for det musikalske innslaget - «Just music» - inspirert av utstillinga til Friele.
Over 130 publikumarar fann vegen til opninga,
Artikkelen held fram under annonsen.
Kunstnaren sjølv seier dette om utstillinga:
- Du kan lika ein bygning, men du kan ikkje begjæra den på same måte som fargane, lyden og lukta av ei elv, eit tre eller ei eng. «Just colours» handlar om farga formasjonar som er skapt ut frå mitt landskap, ytre som indre. Då mine siste utstillingar hadde 2. verdskrig som tema, var det befriande å henta fram fargepaletten til Festspill-utstillinga i Vedholmen Galleri.