Reine julegata i gymsalen på Søfteland
Søfteland Ungdomslag inviterte laurdag til julemesse. Med kaker, kaffi, vaflar og ikkje minst julebrus, kom julestemninga snikande.
Laurdag var gymsalen på Søfteland nesten ikkje til å kjenna att. Det var som å koma inn i ei julegate, eller ein marknad. Rundt omkring var det bord med diverse flotte ting til sals. Strikkeklede, såper, skilt og smykke var noko av det som sto utstilt.
Arrangør Barbro Elin Aasen var strålande nøgd.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det har gått veldig fint så langt. Det er ikkje godt å seia kor mange som kjem innom, men i løpet av i dag (laurdag) og i morgon (søndag) kan me forventa at ein god del tek turen. Det flotte vinterveret vi har no hjelper nok også på. Jo fleire som er ute og går, jo fleire stikker hovudet innom julemessa.
Stoffavhengig
Pengane frå loddsal og kafeen er til inntekt for vedlikehald av ungdomshuset. Gevinstane var sponsa av mellom andre Heiltre møblar, ER-AN vegkro og Memos Pizza. Utstillarane kom sjølve med eigne og gjerne heimelaga varer. Anne Iden og Anne-Christin Nøtsund var to av desse.
- Vi sel diverse saker der vi har nytta lappeteknikk, som til dømes løparar og klutar. Vi sel også strikkevarer og julekort, fortel damene.
Det er første gong dei er på julemesse og sel handarbeida sine. Hobbyen er nokså dyr, så det dei får inn, kjem til å gå til meir stoff.
- Eg plar å kalla meg stoffavhengig, ler Anne.
Sel for mor
Victor K. Helle og Theodor Vedøy hadde også stand. Dei selde ulike "prints" for mor til Theodor. Begge to var einige om at det er kjekt å vera på julemesse. Sjølve hadde dei ikkje vore med og laga noko, men det var uansett artig å selja.