- Her er alle på like fot, fru ordførar
Ordførar og varaordførar møtte fleire som har fått eit betre liv gjennom arbeidspraksis hjå Vindfanget. - Folk skryter av Vindfanget på bygda. Her får ein skikkeleg handverk, sa ordførar Marie Bruarøy.
Politikarar, presse, tilsette og frivillige var måndag samla hjå Vindfanget Oppfølgingsenter - Kirkens Sosialtjeneste for å høyra om suksesshistoria, og kor vegen går vidare. Mest kjent ute på bygda er truleg Vindfanget Vedlikehold som tilbyr snekkar-tenester for osingane, samtidig som dei som har gått på ein smell i livet får tilbod om jobb.
- Ein av våre brukarar har no teke sin første eksamen og er på veg mot fagbrev. Det er me utruleg stolte over, sa dagleg leiar Gunvor Leonsen til forsamlinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Faktisk går denne biten så godt at dei ikkje har hatt behov for å annonsera sine tenester på tre år.
- Me har fått eit godt rykte på bygda, og då kjem arbeidet inn av seg sjølv, sa arbeidsrettleiar Leif Østrem.
Med elektronisk fotlenkje og i arbeid
I løpet av dei 10 åra som er gått sidan Os kommune gav Vindfanget i oppdrag å vera ei ettervernsteneste for rusavhengige, har mykje skjedd. Tilbodet er ope for fleire grupper, mellom anna for dei som sonar med elektronisk fotlenke og dei som har samfunnsstraff.
- Det å kunna vera med å bidra i arbeidslivet i staden for å berre gå heime og kikka i taket, er utruleg positivt for samfunnet, sa Leonsen.
Som eit skotsmål på kor godt enkelte på soning trivdest hjå Vindfanget fekk dei høyra følgjande:
- Enkelte driv nedteljing til dei kan ta av fotlenkja. "No er det berre 48 timar igjen av soninga". Men når dei er ferdige, har det skjedd at dei har sagt: Finst det nokon sjanse for at eg kan vera her vidare? fortalde Leonsen.
At Os kommune ser verdien av Vindfanget er tydeleg gjennom at politikarane nyleg vedtok å auka støtta til Vindfanget til 1,35 mill. kr. årleg. Vindfanget lovar på si side å vera ein av aktørane som tilbyr arbeid til dei sosialklientane som får arbeidsplikt.
- Folk skryt av Vindfanget på bygda. Her får ein skikkeleg handverk. Mange stader slit ein med å finna ei god driftsform, men her har ein skapt noko frå grunnen av, skrytte ordførar Marie Bruarøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Her speler bagasjen din inga rolle
Via NAV tilbyr dei også arbeidstrening for dei som slit med å koma inn på arbeidsmarknaden av andre årsaker.
- Arbeidsmarknaden har no blitt så tøff, at det er vanskeleg å koma inn att når ein først har vore ute, seier Leonsen.
Ein av deltakarane som fortalde kor godt motteken han vart på Vindfanget, var Arild Breivik.
- Her blir du respektert for den du er. Takhøgda er enorm. Berre du kjem inn her kjenner du varmen i veggene. Her speler det inga rolle kven du er, eller kva bakgrunn du har. At du har vore på Stortinget speler inga rolle for oss, sa Breivik til varaordførar Laila Reiertsen.
- Og at du mot din vilje vart ordførar likeeins, sa han til ordføraren, som tydeleg sette pris på den opne og humoristiske tonen.
Breivik fortalde om ein annan brukar som hadde gått på ein smell medan han var hjå Vindfanget og likevel opplevt å få endå ein ny sjanse.
- Opplevinga av å bli løfta opp av rennesteinen i staden for å bli hamra ned, den er gull verd, sa han.
Idémyldring: Gjenbruk?
Medan forsamlinga fekk servert heimelaga lapskaus, gjekk samtalen over på kva som kan vera moglege nye satsingsområde for Vindfanget. Dei har eit romsleg nytt loft som kan takast i bruk til nye aktivitetar, men først må dei finna noko som kan vera sjølvfinansierande.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me er opne for nye idear, men me kan ikkje berre setja i gang med noko som vil bety berre utgifter og lite inntekter. Sykkelverkstad dreiv me med ei stund, men det gjekk ikkje rundt. Berre det å kjøpa inn nye delar til syklane var veldig dyrt, fortalde Leonsen.
Kjøkenhage har dei også, men det er så langt berre til husbruk.
- Kva med gjenbruk? Det er utruleg i vinden. Eg veit at NMS gjenbruk alt har teke den biten, men litt konkurranse er berre bra, sa Laila Reiertsen.
Ein av dei frivillige føreslo at ein kunne pussa opp brukte møblar og selja vidare.
- Det er utruleg kor mykje eitt nytt strøk måling på ein gamal skjenk kan gjera, sa ho.
- Det er ein god idé, men me er avhengige av ei grunnfinansiering for å få det til, sa Leif Østrem.