Amin Palislamovic (t.v.) og Os Karateklubb gler seg til å arrangera lag-NM siste helga i november. Sist helg var Amin blant osingane som gjekk til topps i sin klasse i Vestlandscupen.
Amin Palislamovic (t.v.) og Os Karateklubb gler seg til å arrangera lag-NM siste helga i november. Sist helg var Amin blant osingane som gjekk til topps i sin klasse i Vestlandscupen.

NM-arrangør for første gong i historia

Sist helg gjorde dei unna ein meisterleg sesongdebut. 28. november debuterer Os Karateklubb som NM-arrangør.

- For oss som klubb er det stort å få arrangera eit NM. Me har hevda oss i norgesmesterskap sidan midten av 1980-talet, men aldri tidlegare fått høve til å arrangera ein slik meisterskap sjølv, seier Sensei i Os Karateklubb, Cato Bruarøy.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Slagkraftig ung gjeng

Sist helg sesong-debuterte bortimot 20 unge karateutøvarar frå Os då Bergen Karate Kampsportsklubb inviterte til Vestlandscup i Laksevåghallen.

Osingane markerte seg som vanleg godt. Best gjekk det for Amin Paloslamovic og Sondre Kvamsdal. Sistnemnde gjekk heilt til topps i sitt første karatestemne nokosinne.

- Sondre imponerte stort. Han hadde aldri delteke i konkurranse før, men tok utfordringa på strak arm, vann alle sine kampar og gjekk til topps i klassen for gutar 14-15 år. Verkeleg imponerande, seier Bruarøy.

Alle dei yngste utøvarane til Os Karateklubb fekk medalje etter deltakinga i Vestlandscupen. (Privat foto)
Alle dei yngste utøvarane til Os Karateklubb fekk medalje etter deltakinga i Vestlandscupen. (Privat foto)

Mindre overraskande var det at Amin Paloslamovic skulle gå til topps i klassen for gutar 14-15 år.

- Han er best i landet i denne klassen og hadde følgjeleg ikkje problem med å vinna i Laksevåghallen heller. Amin prester jamt bra heile vegen, skryter Bruarøy.

Ein annan osing som utmerkte seg var Melina Solvang. 11-åringen tok seg til finalen i både kata (mønster) og kumite (kamp).

- Ho tapte rett nok finalane, men fekk veldig mykje skryt - både av trenarar og motstandarar, fortel Bruarøy.

Elles tok Even Hatlestad sølv i kata og Tuva Baggen bronse i kata.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eirinn Voldsund tok bronse i 14-15-årsklassen.

Vil vera med

Amin Palislamovic blir junior-utøvar før NM på heimebane laurdag 28. november. Dermed kan stortalentet hamna mellom to stolar.

- Meisterskapen er jo først og fremst eit lag-NM, og ettersom me ikkje har fleire juniorar, kan me ikkje stilla med juniorlag. Dermed vert Amins einaste sjanse til å få vera med at han stiller i seniorklassen, og det er eg ikkje heilt heilt sikker på om eg vil la han få lov til, seier Bruarøy og dreg på det.

- Han er jo flink nok. Problemet er berre at seniorane er ein del større. Me får tenkja litt på det, så får me sjå, seier Bruarøy.

Han er usikker på kor mange deltakarar som kjem.

- Dette er jo eit all-style-NM, så det bruker å vera ein god del klubbar som stiller. Me skal i alle høve syta for eit godt arrangement. Det er eg sikker på at me klarer. Me har så mange dedikerte og engasjerte foreldre og andre støttespelarar, så det skal bli ein flott meisterskap, trur Bruarøy.