Ein lukkeleg Veronika fekk 30.000 i talentstipend fredag. Her med Kjell T. Møster og Alvhild Tofterå Berge.
Ein lukkeleg Veronika fekk 30.000 i talentstipend fredag. Her med Kjell T. Møster og Alvhild Tofterå Berge.

30.000 i talentstipend til Veronika

Blant 175 søkjarar vart osingen Veronika Flotve Røssland den som fekk størst talentstipend av SpareBank 1 fredag.

- Det var utruleg stort. Eg hadde eit håp om å få litt støtte, men at eg skulle "rankast" øvst å få heile 30.000 kroner i støtte, kom som ei kjempeflott og kjærkomen overrasking, seier Veronika.

Skodespelar-draumen lever

21-åringen har drive aktivt med skodespel sidan ho var knappe seks år gamal. I haust har ho studert ved New York Film Academy. På nyåret set ho kursen for London.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blir for å studera meir teater. Ein blir aldri fullt utlært, og om ein har ambisjonar om å gjera leveveg av dette, må ein ha godt med trening og kunnskap, seier Halhjem-jenta.

Frå før har ho gått på teaterlinja ved Fyllingsdalen vidaregåande skule. I tillegg har ho studert teatervitenskap ved Universitetet i Bergen.

- Alt eg har gjort i livet har handla om teater og skodespel. Det er det eg kan, og det er det eg har lyst til å driva med, seier ho.

Den samla gjengen som fekk talentstipend fredag.
Den samla gjengen som fekk talentstipend fredag.

Velkome bidrag

Veronika mottok talentstipendet frå SpareBank 1 under ein seremoni på Radisson Blue, Bryggen fredag føremiddag. Då Os og Fusaposten prata med ho litt seinare på dagen, var ho på jobb i Ringo-butikken på AMFI Os.

- Det går slag i slag. Når eg er heime, jobbar eg så mykje eg kan for å spe på til finansiseringa av studiane. Dei 30.000 eg fekk tidlegare i dag kjem garantert godt med til vårsemesteret i London, seier 21-åringen.

- Kor lenge blir du verande?

- Tja, sei det. Kanskje studerer eg to-tre år til. Me får sjå.

- Lykke til!

Artikkelen held fram under annonsen.

- Takk.