Subway skal opna restaurant på Os
Sandwich-konseptet Subway ser til Os og kan bli å finna på Amfi Os.
Kjeden som har meir enn 43.000 restaurantar i heile verda, søkjer no etter franchise-takar i Os.
Det varnyttios.com som omtalte saka fyrst.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Finn-annonsen står det ikkje noko konkret om kor i Os dei ynskjer å etablera restauranten, men etter det Os & Fusaposten kjenner til det er det snakk om lokale på Amfi Os.
Tomm Svae i Dreamwork som har fått ansvaret for rekrutteringa, bed om å få koma attende til lokalavisa med meir informasjon.
Fristen for å søkja er snarast.
Subway vart oppretta i 1965 og har vakse til ein verdsomfattande kjede.
jostein@osogfusa.no