Ost frå Lygre var noko av det ein kunne smaka på på søndag.
Ost frå Lygre var noko av det ein kunne smaka på på søndag.

Noko for ein kvar smak i Hålandsdalen

I helga arrangerte Bygdeutvalet i Hålandsdalen og Hålandsdalen Idrettslag aktivitetshelg. Matfestivalen på Holdhus gjekk av stabelen for 6. gong.

Allereie før dørene opna var det kø med ivrige matentusiastar utanfor Holdhus skule. Utstillarane sto klare med mange godbitar. Det var sjokolade frå Strandvik, frukt - og bærprodukt frå Oma, godbitar frå Eikhaugen gard, krotakaker og flatbrød frå Granvin og mykje anna godt. I tillegg til mat kunne ein også kjøpe flotte fotografi og fine treprodukt.

Dei som vitjar matfestivalen bør helst vere svoltne når dei kjem. Bygdefolk har i fleire dagar førebudd ulike matrettar. Fredag var fire damer og ein mann i sving med å koka dravle. - Det gjekk veldig fint, fortalde damene på kjøkkenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me fekk 120 liter mjølk frå Strandvik og me dreiv på i nærare 7 timar.

Dei fortel at det er veldig sosialt og kjekt å koka dravle.

50 kg fårekjøt

Laurdag vart det skrella 50 kilo poteter og 10 kilo gulrøter. 50 kilo fårikålkjøtt vart sett på kok tidleg søndagsmorgon. 150 porsjonar fårikål gjekk unna i løpet av søndagen. I tillegg vart det seld mykje rømmegraut og anna varmmat.

Dei mange fata med dobbelkaker er det aller mest rift om. 250 dobbelkaker vart seld på kort tid. Ingen tvil om at kortreist tradisjonsmat er populært.

Melinda Hjelm frå Hålandsdalen Bygdeutval var svært nøgd med matfestivalen.

- Det er veldig kjekt å arrangera slikt når folk er positive og stiller opp. Det ligg veldig mange timar med dugnad bak eit slikt arrangement. I tillegg til mykje arbeid i forkant, er det 10-15 flinke folk i gang med matlaging og rydding på skulen og i barnehagen denne søndagen, skrytte Hjelm.

Nydeleg

Etter ein prat med nokre av gjestene var det tydeleg at også dei var svært nøgde.

- Her er god stemning og mykje god mat, sa dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fårikålen var nydeleg, rett og slett. Den kunne ikkje vore betre!

Nokre av gjestene hadde ekstra god appetitt etter at dei hadde gått den 8 km lange turen rundt Vengsvatnet (sjå eiga sak).

- Eg har aldri gått den turen før, men det kjem eg nok til å gjera igjen.

- Ein flott tur, sa ein kar som var komen langveis frå for å oppleva natur og mat på Holdhus denne søndagen.

- Det er også hyggeleg at ein på tvers av laga kan arrangere slike helgar, seier Hjelm og heldt fram:

- Til tross for at nesten 30 unge skiskyttarar er på samling på Holdhus skule denne helga, har me hatt plass til alle. Samarbeidet laga i mellom har gått veldig fint.

- Skiskyttarforeldra som er vakter på skulen er flinke til å røra i dravlen medan den blir kald, seier ei av dravledamene.