Emil Andre Nordtveit, Erik Rolland og Ine Tumyr).
Emil Andre Nordtveit, Erik Rolland og Ine Tumyr).

Tek tradisjonen vidare

Nore Neset ser ut til å vera den nye arenaen for den årlege konserten på vesle nyttårsaftan. - I fjor kom det bra med publikum. I år håpar vi på endå fleire, seier primus motor i Osfest, Tor Egil Hylland.

- I Fjellheim var det konsert 30. desember, uansett om det var ein søndag, måndag eller fredag. Vi spelar vidare på tradisjonen, og det fungerte godt i hallen på Nore Neset i fjor, både med tanke på plass, artistar og tal publikum, seier Hylland.

Tilbod til dei frivillige

I år er det tre band på programmet. «Byting», «Rotlaus» og dei lokale musikarane i «Mighty Magnolias» kjem for å spela musikk for osingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi hadde gode artistar i fjor også, men eg meiner at årets program er eit lite hakk opp frå fjoråret. Dette er musikk som vil få folk ut på dansegolvet, seier Hylland og legg til:

- Men vi vil også setja opp stolar og bord, så mykje som det er plass til, slik at ein kan setja seg ned og slappa av og kanskje ta seg ein matbit.

I fjor tok 500 publikumarar turen. I år håpar Hylland på 700-800.

- Vi har også gitt dei som har jobba frivillig på Osfest tilbod om billett til redusert pris som takk for hjelpa.

Samarbeid med Os taxi

Billettsalet opna sist helg, og salet har gått jamnt og trutt sidan då. For å få publikum heim, har arrangøren i år som i fjor, ein avtale med Os Taxi.

- Det vil gå buss frå Nore Neset om Halhjem, og så til Bergen. Det vil også bli stilt opp taxiar utanfor, som køyrer ut i distrikta der bussen ikkje går, seier Hylland.