Mangfaldig vårprogram frå senioruniversitetet
Mari Lyssands foredrag om Nils Tveit er eit av høgdepunkta i eit mangfaldig vårprogram for Os senioruniversitet.
Os senioruniversitet har fem føredrag og ein dagstur på programmet denne våren.
- Tre av møta får me - med støtte frå Oseana - ha i Oseanasalen, to blir haldne i Vargasalen. Semesteret blir avslutta med ein dagstur, fortel leiar i senioruniversitetet, Olav Søfteland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjærleik for gamle hus
Fyrste møtet er komande måndag, 11. januar. Då kjem husdoktor og fjellbonde Geir Vetti og skal fortelja om kjærleiken sin for gamle hus og sherpaene "hans" frå Nepal.
- Geirr Vetti var ein gong modellsnikkar hos Bahus Møbelfabrikk på Os. Men han er nok mest kjent som fjellbonden som kallar seg husdoktor, og som har henta sherpaer frå Nepal, fortel Søfteland.
Geirr Vetti kjøpte fjellgarden Skåri i Luster for å restaurera han. Han forstod snart at han trong arbeidshjelp og fann fram til Nepal og sherpaene, som etter Vetti si meining er den sterkaste folkegruppa i verda.
Geir Vetti vi fortelja om sin unike kjærleik til gamle hus og om hjelpa frå sherpaene. Han har vore med i tv-progammet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og har vore gjest hos Anne Lindmo i tv-programmet hennar.
Ein tragedie og eit mirakel
Fyrste måndagen i februar vitjar danse- og dramalærar Patricia Langeland senioruniversitetet.
- Patricia som er busett i Os, er flyktning frå diktaturet som var i Chile, og har ei interessant og gripande historie å fortelja, seier Søfteland.
18 år gammal var Patricia aktiv i studentpolitikken i Santiago og arbeidde imot diktaturet til Augusto Pinochet. Kjærasten hennar, ein ung lege som ho venta barn saman med, vart drepen under tortur. Patricia merka at ho vart halden under oppsikt, og ho var redd for å bli arrestert. Aleinemora søkte om politisk asyl i Australia og Canada, men fekk avslag. I den norske ambassaden i Santiago fekk ho hjelp. Ho fekk status som FN-flyktning og kom til Noreg.
Heilt nytt felt innan medisin
7. mars vil professor emeritus Jan Raa gje dei frammøtte innsyn i korleis kunnskap i biologi og økologi kan nyttast i utforming av bioteknologiske prosessar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Han vil fortelja korleis eigne observasjonar frå kålåkeren var starten på forsking som enda med medisinske produkt, og korleis enzym frå reketarm vart ein av dei viktigaste komponentane i moderne gen-teknologiske analysar, fortel Søfteland. Jan Raa vil òg fortelja om arbeidet han no driv på eit heilt nytt felt i medisinen: Overføring av bakteriar frå frisk tarm til behandling av alvorlege tarmsjukdomar. Kunnskap frå kålåkeren viste seg å vera viktig på dette feltet òg.
Noregs beste skøyteløpar
Skøytetrenar Jarle Pedersen og skøyteløpar Sverre Lunde Pedersen vitjar senioruniversitetet måndag 4. april.
Sverre er Noregs beste skøyteløpar og også ein av dei fremste i verda. Far hans, Jarle Pedersen, vart nr. 6 på 500 meter under OL i Lake Placid i 1980. Jarle driv i dag som fysioterapeut på Osøyro, og har vore norsk landslagstrenar.
- Skøytesporten har utvikla seg mykje frå den gongen dagens seniorar frå Os gjekk på skeiser på Banktjørna, Ulvenvatnet og Vindalsvatnet, til at det langt på veg er blitt ein innandørsidrett. Jarle og Sverre vil fortelja oss litt om denne utviklinga, kva som krevst for å bli ein toppidrettsutøvar i dag og om livet som skøyteløparar i verdsklasse, fortel Søfteland.
Om arbeidsame Nils Tveit
Siste føredraget denne våren, vert ved Mari Lyssand 2. mai.
Lyssand vil fortelja om Nils Tveit - ordførar i 24 år, stortingsrepresentant, forfattar av Os-soga og Os-songen, og mykje, mykje meir.
- Mari Lyssand er kjent som ein god formidlar, og vil fortelja om denne gåverike og arbeidsame mannen og alt han fekk gjort, seier Søfteland.
Nils Tveit (1876-1949) var rosemålar og gardbrukar frå Hegglandsdalen. Han var ordførar i Os frå 1916 til han vart avsett i 1940, og i 1945. Nils Tveit var vararepresentant til Stortinget for Venstre frå 1922 og fast representant frå 1945 til han døydde i 1949. Han hadde svært mange offentlege verv og verv i ymse organisasjonar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nils Tveit var ein særs aktiv mann som har betydd mykje både for Os-bygda og landet elles, konstaterer Søfteland.
Senioruniversitetet avsluttar vårsesongen med sommartur til Salhus og Nordhordland 6. juni. Då vert det omvising i Trikotasjemuséet i Salhus og hos Statoil på Mongstad.