Vegen er no stengt over Søvikåsen.
Vegen er no stengt over Søvikåsen.

Ras i Søvikåsen

Oppdatert: Det er gått eit ras i Søvikåsen, og vegen er stengt med bom.. I tillegg politiet fått melding om fleire velta tre.

Oppdatert: Teknisk vakt Torunn Paus opplyste kl 10.15 at det er gått eit ras i Søvikåsen.

- Vegen er no stengt med bom som følgje av raset. Folk må køyra rundt, seier Paus.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Politiet og brannvesenet er på veg til staden. Det er meldt om fleire tre som har velta og sperrar vegen. Det er i tillegg meldt om store mengde vatn i område, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Vibeke Næss.

Vêret skapar store problem i Os og omegn. Framleis er fleire tusen utan straum, og på E39 ved Kaland er politiet redd for at vegen skal bryta saman. Det skriv Bergensavisen.