Kan bli leilegheiter ved Plantasjen
Om Lyssand-familien får det som dei vil, kan det om få år bli eit fireetasjars bygg med leilegheiter vegg i vegg med Plantasjen.
- Der har du jo alt i nærleiken, med kort veg til busstopp, butikk og det heile, seier Bård Lyssand.
Han er ein av eigarane av tomta hagesenteret står på. Den er i dag regulert for næringsføremål. No ønskjer selskapet hans, Soltomten AS, å få omregulert tomta, slik at dei også kan bygga leilegheiter der. I den samanhengen har dei søkt om detaljplanlegging av Gudridflaten.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har inntrykk av at dei er positive til ideen ved byggesakskontoret. Vi har i alle fall ikkje fått nokre negative tilbakemeldingar så langt, seier Bård.
- Eit stykke fram i tid
I følgje søknaden ser dei for seg å byggja eit nytt næringsbygg kloss i E39, i sørenden av tomta. Slik dei ser det for seg i dag kan det bli parkering på taket av dette bygget.
I tillegg er det teikna inn eit nytt nærings- og bustadbygg mot søraust, på fire etasjar. Der ser dei for seg parkering og næringsaktivitet på første plan, og bustad i resterande etasjar. Det er i tillegg tenkt felles uteareal på dekket over første etasje av dette bygget.
- Det ligg nok eit stykke fram i tid dette. I første omgang må vi få endra reguleringsplanen. Eg vil tru heile dette året går med til det. Så kan det kanskje skje noko på tomta ein gong mellom 2017-2020, seier Lyssand.
Han lover at det ikkje skal koma nokon ny daglegvarebutikk på tomta, som i dag har både ein Kiwi-butikk og Meny som naboar i sør og tvers over vegen.
- Nei, det blir ikkje meir daglegvarer, seier han.
Nærsenter
Planområdet er i dag regulert til forretning og kontor, og utbygd med Plantasjen. Elles er det avgrensa av eit større område bustader og E-39.
I følgjebrevet skriv arealplanleggar Ingvill Osland hos A/STAB, som har utforma og levert søknaden på vegner av Soltomten AS:
Artikkelen held fram under annonsen.
- I kommunen si tilbakemelding på vurdering av om tiltaket er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing er det sagt at Gudridflaten kan få status som nærsenter ved neste rullering av kommuneplanen sin arealdel. Regional plan for attraktive senter definerer nærsenter som eit mindre senter med opptil 3.000 m2 samla bruksareal for detaljhandel, som typisk vil innehalde daglegvarebutikk, private og offentlege helse / velvære tenester mv. dimensjonert for nærmiljøet.