Vill musikk i lufta
Sist onsdag hadde Holmefjord musikklag øving i Bygdaheimen i bygda. Avisa tok ein tur innom i matpausen. - Mat er viktig. Det er difor me kjem, seier Arve Skåtun spøkefullt.
Det er ikkje berre gå- og springenotar som får hjarta til brassentusiastar til å slå hardare, det gjer også pausematen.
- Det går på omgang. Kaffi, ei flakse brus og noko å bita i.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det hender at folk gløymer. Seinast sist gong. Men han stod det over. Han kom i dag, seier Skåtun.
Fortissimo
Med 13, 14 medlemer er dei litt færre enn i fjor, og det er heilt på grensa til at dei er spelbare med tanke på besetninga.
-To kornettar og ein tuba. Og kanskje ein baryton, svarar Skåtun på spørsmålet om kva musikantar dei ønskjer seg.
Musikklaget utmerkar seg ved at berre to av medlemene er frå Holmefjord. Resten er frå Skjørsand, Samnanger og ein seks, sju frå Strandvik. Me går ut frå at strandvikarane liker seg så godt i laget at dei utan å nøla hiv seg i bilen og køyrer dei 33 kilometrane for å lata seg fylle opp av crescendo og fortissimo ein gong i veka.
Inntektskjelda
Ny dirigent har dei fått også, Tommy-Rene Stordal, som ymtar frampå om at no er pausen over og folk må finna plassane sine.
- Det neste no er basarkonsert 15. november, det er den viktigaste inntektskjelda vår gjennom året. Og så blir det julekonsert i Strandvik kyrkje, seier Skåtun.
På spelelista si har dei "Bruremarsj" av Jan Magne Førde, filmmusikk frå "Løvenes Konge", og "Barnard Castle March". Då me skulle gå var det notane til "Crazy Music in the Air" av Jacob de Haan som stod på notestativet.
Den nye dirigenten Tommy-Rene Stordal hadde kustus på musikarane i Holmefjord musikklag då dei øvde inn "Crazy Music in the Air".