Bygningen som fram til 2001 husa tekstilfabrikken Irisfabrikken, er no selt.
Bygningen som fram til 2001 husa tekstilfabrikken Irisfabrikken, er no selt.

Krohnås Prosjekt har kjøpt Irisgården

Næringsbygget er kjøpt av Krohnås Prosjekt AS. - Me ønskjer å vera ein aktiv eigar, seier Christian Tellefsen, som blir ny dagleg leiar i Irisgården.

Etter at Irisfabrikken vart nedlagt i 2001, har ei rekkje nye aktørar funne vegen inn i den historiske bygningen. Dei største leigetakarane er Jysk AS, Vinmonopolet AS, Hordaland Politidistrikt og treningssenteret Energi og Trening AS. I tillegg har NLM gjenbruk, Solsiden og Vitus Apotek tilhald i bygget, og i fjerde etasje er det også husvære.

Norgesgruppen Eiendom Vest har fram til no vore den største aksjonæren i Irisgården AS, og Regiondirektør Jim Kaland seier at det er eit samla styre som står bak avgjerda om å selja. Formelt blir bygget overført måndag 9. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konfidensiell pris

Christian Tellefsen, påtroppande dagleg leiar i Irisgården AS, ønskjer ikkje å gå ut med kjøpssummen. Ifølgje prospektet låg prisantydningen på 65. mill. kroner.

- Kva planar har de for bygget?

- Først må me overta formelt. Det involverer ein god del formelle ting, mellom anna må partane signera dokumenta, og bankkontoar må overførast til den nye eigaren. Deretter må me setja oss inn i bygget, bli kjent med leigetakarane, og laga planar. Hovudtanken er sjølvsagt å driva bygget vidare som i dag, og vidareføra det gode arbeidet som er gjort, seier Tellefsen.

Har tru på økonomien

- Korleis har de tenkt å tena pengar på Irisgården?

- Det ligg ein solid økonomi i botnen. Omtrent alle delar av bygget er leigt ut til ulike leigetakarar, så me har tru på at dette gjev grunnlag for ei god drift vidare, seier han.

Ifølgje prospektet er dei årlege leigeinntektene på ca 5,3 mill. kroner.

- Vil de vera ein aktiv eigar?

- Ja, absolutt. Eg går sjølv inn i rolla som dagleg leiar, og det er nettopp for å kunna vera mera meir hands- on og følgja opp leigetakarar og bygningsmasse på ein god måte, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil setja seg inn i Solsiden-saka

Krohnås Prosjekt er kjent i Os gjennom sitt engasjement i Solstrandvegen. Dei er medeigar i utbygginga ilag med Obos. Ein av dei som er engasjert i styret for Solstrandvegen, Frode Risnes, går også inn i styret for Irisgården. Det same gjer Christian Tellefsens far, Tom Tellefsen.

- Me er eit lite familieeigd selskap. Når me no går inn i eit bygg som Irisgården, er det for å forvalta bygget på ein så god måte som mogleg for både leiigetakarar, naboar og ossamfunnet generelt.

- Kva tankar gjer de dykk om saka mellom nattklubben Solsiden og naboane?

- Me har sjølvsagt fått informasjon om det, og lest kva som har stått i avisene. Det eg kan seia no, er at me vil setja oss ned med partane og prøva å finna fram til løysingar som alle kan leva med, seier Tellefsen.