Styreformann i Os Fotball, Knut Haddal, er tilhengjar av fri konkurranse, og meiner at bygda treng både Os og Lysekloster.
Styreformann i Os Fotball, Knut Haddal, er tilhengjar av fri konkurranse, og meiner at bygda treng både Os og Lysekloster.

- Kommunen treng begge klubbane

Dei to 3. divisjonsklubbane Os og Lysekloster ser ikkje for seg retningslinjer for overgangar eller eit samarbeid, og heller ikkje noko samanslåing.

Benjamin Søgnen Olsen

benjamin@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

«Os og Fusaposten» har snakka med styreformann i Os Fotball, Knut Haddal, og styreleiar i Lysekloster Idrettslag, Svein Kollen, om eit lesarbrev frå Gunnar Moberg. Moberg er kritisk til alle spelarovergangane mellom klubbane og meiner leiarane bør koma saman og utarbeida retningslinjer og samarbeidsplanar for framtida. Men verken Os eller Lysekloster ser for seg ei slik løysing.

Forstår reaksjonane

Haddal meiner spelarane sjølv må få velja kva klubb dei vil spela for.

- Utgangspunktet vårt er at me ønskjer dei spelarane som ønskjer å vera i Os. Dei som ikkje ønskjer det, må få prøva seg andre stader. Om det då er Lysekloster, Fana eller Fyllingsdalen, bryr eg meg ikkje om. Motivasjonen for overgangane må spelarane sjølve svara for. Me ønskjer dei uansett lukke til, seier Haddal.

Styreleiar i Lysekloster Idrettslag, Svein Kollen, ser heller ikkje behovet for retningslinjer eller samarbeid mellom dei to 3. divisjonsklubbane.
Styreleiar i Lysekloster Idrettslag, Svein Kollen, ser heller ikkje behovet for retningslinjer eller samarbeid mellom dei to 3. divisjonsklubbane.

Styreformannen i Os Fotball er ikkje osing, og kom først inn i Os-fotballen i 2012. Han forstår at dei hardbarka Os-spelarane og supportarane ser desse overgangane annleis enn han sjølv.

- Eg høyrer at folk reagerer, og eg forstår det ut frå klubblojalitets-tanken. Og i utgangspunktet tenkjer også eg at spelarar bør søkja seg oppover i divisjonssystemet, og ikkje på tvers, seier han.

Ute etter dei beste spelarane

Haddal trur ikkje Lysekloster har signert spelarar frå Os for å stikka kjeppar i hjula for rivalen.

- Nei, dei er nok som oss, og signerer dei spelarane dei treng for å styrkja sin eigen stall, seier Haddal.

Kollen kommenterer det slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, nei, nei. Det går ikkje an å tenkja slik, sjølv om eg har høyrt at det er enkelte som seier at me signerer Os-spelarar på "jævelskap". Manageren vår er ute etter spelarar som passar i laget, og då har det ikkje noko å seia om det er ein Os-spelar eller Fana-spelar. Me har bestemt oss for å prøva å gå for dei beste lokale spelarane, seier Kollen.

- I nokre tilfelle har det også vore slik at spelarane har kontakta oss fordi dei ynskte å spela her.

- Kommunen bør ha eit lag i OBOS-ligaen

Kollen peikar vidare på at maktforholdet mellom klubbane har jamna seg ut.

- Det er 41 år sidan 1974, då Os var i toppdivisjonen. Verda er annleis no. No kjem det spelarar til Lysekloster som ønskjer å satsa og bidra til å vinna fotballkampar, seier Kollen.

Styreleiaren legg til at begge klubbane, med tanke på innbyggjartal og lokalisering, bør ha potensiale til og må jobba for å koma opp på eit høgare nivå.

- Os er ein kommune med om lag 20.000 innbyggjarar, og me er om lag ein halvtime frå Bergen sentrum. Etter mi meining bør det vera potensiale for eitt lag i OBOS-ligaen og eitt i 2. divisjon. Elles har me mislukkast, seier han.

Tilhengjar av fri konkurranse

Retningslinjer og samarbeid i høve overgangar mellom laga, ser ikkje ut til å skje med det første.

- Eg er tilhengjar av fri konkurranse, seier Haddal og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me må gjera det me meiner er rett, og Lysekloster må gjera det dei meiner er rett. Samarbeid og retningslinjer for A-laga har eg ikkje tru på.

- Kva med å slå saman dei to laga til eitt satsingslag?

- Det er berre å sjå til Fyllingsdalen, og sjå kva som er skjedd etter samanslåinga der. Det er ting som tyder på at dei slit med integrasjonen av to miljø. Me treng både Lysekloster og Os, seier Haddal.

Kollen er einig med Haddal.

- Me har ikkje reflektert over det, og har nok med oss sjølv. Eg tenkjer at klubbane må få fred og ro til å driva med sitt.

Ramo Racic

- gjekk til Lysekloster i 2014: Dei åra eg spelte på Kuventræ blei det ikkje satsa, og eg måtte vidare, då eg ønskte å satsa. Stamma i laget vart berre mindre og mindre, og det gjekk 4-5-år utan at nye spelarar vart henta inn.

Lysekloster er flinke til å skapa ny giv og konkurranse i spelargruppa. Eg forstår og respekterer at nokre reagererte hardt, då eg gjekk til Lysekloster etter 12-13 år som Os-spelar. Eg håper dei samstundes forstår meg på eit vis, då eg hadde eit ønske om å satsa på fotball, seier Racic.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner at klubbane burde slå seg saman, og foreina kreftene.

- Eg trur ingenting hadde vore betre enn det. Eg meiner den eine klubben har det den andre manglar, og omvendt.

Preben Borgen

- gjekk til Lysekloster i 2014:

- Eg gjekk på grunn av satsinga i Lysekloster, og ikkje på grunn av økonomi, som nokre ser ut til å tru. Lysekloster hadde ambisjonar, noko Os etter mi meining mangla den gongen. Eg fekk både positive og negative tilbakemeldingar på overgangen. Eg forstår at folk reagerte då eg og Ramo gjekk, men me var ikkje dei første. Det verka likevel som at overgangane våre var dråpen som fekk begeret til å renna over. Då starta Os å satsa, men eg angrar ikkje på at eg gjekk. Torkel Hjertnes

- Os-kaptein:

Eg synest det er utruleg synd at spelarane går til Lysekloster. Eg kunne aldri gjort det same. Preben og Ramo kan eg til ein viss grad forstå, då det var uvisst kva som skjedde i Os, men samstundes forstår eg dei ikkje. Me var på same nivå og i same avdeling, og ein går berre ikkje til ein rivaliserande klubb. I tillegg synest eg Lysekloster kunne latt spelarane få venta eit par veker med å signera til dei såg kva som skjedde i Os, framfor å pressa gjennom overgangane. Eg blei forbanna og skuffa då Christer gjekk i sommar. Om han gjekk av sportslege grunnar, så kvifor ikkje venta til etter sesongen? Lysekloster, Fana eller kanskje til og med Åsane hadde nok vore interesserte også då. Det er ikkje kjekt å sjå sine beste vener gå til ein annan klubb. Det kameratskapet i laget som Os alltid har hatt, kan ikkje erstattast ved å henta nye spelarar. Dei som ikkje har vore i laget heile vegen ser ikkje problemet med at spelarar går til Lysekloster, slik som me gjer det. Rivaliseringa mellom klubbane har nesten utvikla seg til eit hatforhold.

Hjertnes gjev Borgen og Racic delvis rett i at det er blitt lova mykje i Os, utan at noko har skjedd.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men rett etter at dei gjekk, kom Lars Bakkerud inn, og så var satsinga i gang.

Til slutt legg Os-kapteinen til at han framleis er god kompis med Ramo, Preben og Christer, på trass av overgangane.

Christer Olsen

- gjekk til Lysekloster i sommar:

- Eg er framleis ein spelar med ambisjonar, og trong eit miljøskifte for å få opp motivasjonen. Per dags dato er Lysekloster framfor Os sportsleg. Sjølvsagt er det ikkje optimalt å gå frå Os no, men eg har vore med på mange oppturar og nedturar med klubben, og eg føler ikkje at eg sviktar nokon. Eg har stått på til det siste for Os. I forhold til det økonomiske, så får eg akkurat det same i Lysekloster som i Os.

«Os og Fusaposten» har prøvt å få fleire i Os Fotball til å kommentera spelarovergangane, utan å lukkast.