Trekte kandidaturet sitt
Varaordførar i Fusa, Magne Djuvik (Frp), får ikkje ta del i arbeidet med kommunesamanslåinga. Då kommunestyret ikkje vart samd om kven styringsgruppa skulle bestå av, trekte han kandidaturet sitt.
I formannskapsmøtet i slutten av september fekk Sp, H og KrF fleirtal for å byta ut varaordførar Magne Djuvik (Frp) med nok ein representant frå den såkalla opposisjonen i styringsgruppa til kommunereforma. I kommunestyret kom Bjarte Samnøy (KrF) med ei forklaring på kvifor partia vel å gjera nettopp det.
- For å få ein vellukka prosess i samband med kommunesamanslåinga, ønskjer vi å sikra breiast mogleg oppslutnad i folket. Då meiner vi det er naturleg å velja tre representantar, ordførar Atle Kvåle (Ap), Svein Lang (Sp) og Aud-May Boge (H), som representerer dei tre største partia ved førre kommuneval, sa Samnøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjøpte resonnementet
Etter eit gruppemøte konkluderte Anne-Grethe Gjerdevik med at Ap kjøper forklaringa hans. Gustav Folkestad (V) derimot meinte at ordføraren og varaordføraren burde vere representert i styringsgruppa av prinsipp.
- Eg føreslår difor å halda på rådmannen sitt framlegg til vedtak, sa han.
Siste stikk fekk varaordføraren sjølv.
- For at kommunestyret ikkje skal vera delt i denne saka, trekkjer eg mitt kandidatur, sa Magne Djucik (Frp).