Trått for Baronsgården: Har berre selt to av 26 husvære
Dersom salet ikkje tek seg opp, får ikkje bustadprosjektet utløyst byggjelånet, og kan ikkje starta bygging. Men Ottar Randa har ein plan.
I midten av januar vart dei 26 husværa i Baronsgården lagt ut for sal. Eit halvt år seinare har berre to av desse blitt selt.
– Me hadde rundt 20 interesserte på lista i starten, men det viste seg at dei ikkje var interesserte nok til å kjøpa, seier Ottar Randa, adm. dir. i Os Bygg og Eigedom som er bustadutviklar for Baronsgården.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også meklar i Eiendomsmegler Vest, Daniel Røksund, fortel om svinnande interesse.
– Eg hadde to selde husvære, men den eine av dei trekte seg. Eg har to moglege kjøparar til, men for augneblinken er eigedommen trekt vekk frå marknaden, seier Røksund.
Lite interesse blant dei unge
Medan det frå Os kommune har vore eit poeng å gjera det attraktivt for unge i etableringsfasen å busetja seg på Osøyro, viser det seg at det nesten ikkje har vore interesse i denne kjøpargruppa.
– Det er seniorgruppa som har vore mest interessert, medan førstegongsetablerarar ikkje ser mot sentrum i same grad, seier Røksund.
Ottar Randa fortel at dei også har brukt digitale verktøy til å kartleggja kven som faktisk er inne og ser på prosjektet via Facebook.
– Me brukar Google Analytics og ser alderssamansetninga på kven som er inne og kikkar. Då ser me at Os sentrum så langt ikkje appellerer til dei yngre eller barnefamiliar, fortel Ottar Randa.
I alderssjiktet mellom 45 og 65 har det vore størst interesse, ikkje heilt ulikt kva som var tilfelle i Os sjøfront og tilsvarande prosjekt mange andre stader i landet.
Prismessig har også det øvre sjiktet vore mest ettertrakta så langt. Dei fleste husværa ligg på mellom 2,7 mill. kroner og 3,7 mill. kroner, avhengig av om det er snakk om eittroms- eller toroms-husvære, medan eitt enkelt ligg på 5,65 mill. kroner. Ottar Randa fortel at dei ikkje har fått ein einaste kommentar på prisnivået, og får støtte frå Røksund.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er ikkje noko unikt for Osøyro. Det er totalmarknaden som har fått seg ein knekk, og kanskje særleg prosjektmarknaden, seier meklaren.
– Sidan oktober i fjor har bustadmarknaden kjølna ned. Det er ein trend som gjeld for heile landet, med kanskje eit unntak for Oslo, supplerer Randa.
Prøver å endra finansieringa
For å kunna gå i gang med bygging er dei avhengige av å selja for tilsvarande 55 prosent av verdien på husværa.
– Banken vil alltid ha ein utgang - ein måte å handtera risikoen på. Difor stiller dei kravet om 55 prosent sal før byggjelånet kan opnast. Men ofte er kravet på 60-70 prosent sal, så banken har strekt seg langt, seier Randa.
– Kjem de til å spørja om eigar av OBE AS, altså Os kommune, kan vera med på finansieringa?
– Me har ein eigar, og av og til må selskapet kanskje spørja eigar om litt hjelp. Det er naturleg for dei fleste selskap i enkelte fasar. Me har ikkje detaljane på plass enno, men å spørja om litt hjelp kan vera ein måte å gjera dette på, seier han.
– Det var vel også politikarane som ønskte at OBE skulle engasjera seg i Baronsgården?
– Ja, me fekk heilt klare føringar frå eigar om at me skulle gå inn i det. Det er politisk styrt, svarer OBE-leiaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei reknar ikkje med å tena pengar på prosjektet, og Randa seier at det meir handlar om å ta på seg eit samfunnsengasjement for å oppnå det politiske målet om meir liv på Øyro. Hovudgrunnen til at dei ønskjer å endra finansieringsmodellen er at dei skal kunna gå raskare i gang med bygginga.
– Den dagen me går i gang med bygging vil salet gå av seg sjølv. Spesielt gjeld det dei yngre. Dei må kjenna og ta på det før dei gjer noko. Dei spør: Kan eg flytta inn i morgon? Dei har ikkje tid å venta i fleire år, seier Randa.
Relansering over sommaren
Prosjektet er no fjerna frå marknaden i påvente av ei relansering ved semesterstart.
– Av og til må du ta vekk prosjekt som ikkje har gått som ein har tenkt. Like etter ferien går me i gang med å få knadd det på nytt marknadsmessig, seier Randa.
– Har du nokon tankar om kvifor dei yngste så langt har vore vanskelege å lokka?
– Eg har ein mistanke om at det skjer litt for lite på Osøyro. Mange unge ønskjer å bu i Bergen sentrum der du har eit mylder av ulike aktivitetar å velja mellom, seier Randa.
Han meiner også at ein del av det som skjer i Os eller som finst av kvalitetar her ikkje er godt nok kjent, og dette kan bli aktuelt å endra på når prosjektet blir relansert.
– Me må spørja oss: Kva skal til for å dra unge folk til Os sentrum? Kva må trigga dei? Me som har budd i Os lenge veit kva kvalitetar som finst her, som til dømes kor Mobergsvikja ligg og kvar parken er. Kanskje me skal bli flinkare til å fortelja meir om Os. Me må i større grad selja ei historie eller ein bodskap, seier Randa.
Artikkelen held fram under annonsen.
ol@osogfusa.no