Nilsi klar for Os
Komikar Nils Ingar "Nilsi" Aadne, kjem fredag til Oseana med standup-showet EGO.- Os blir eit høgdepunkt, seier han.
Nils-Ingar Aadne er kjend som sidekick frå Senkveld og utallige standup-framsyningar, men fyrst i år er han på vegen med sitt eige show, EGO. Turneen har sjølvsagt fått namnet EGO-Tripp.
- Eg gler meg veldig til å koma til Os for tredje gong, seier Aadne, som sist var i Oseana for to år sidan.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Greier du å skilja Os-publikumet frå publikum andre stader?
- Nei, eigentleg ikkje. Folk er forbausande like over alt. Men eg har gode vener frå Os og det er veldig fint der, legg han til.
- Er det skilnad på vestlandshumor og austlandshumor?
- Vestlendingar er nok mest glad i sine eigne, så vi er jo alltid litt spente på å spela der. Austlendingar har ingenting å stilla opp med, men eg håpar eg blir tatt godt imot, ler han.
Egoisme på norsk
I showet harselerer Aadne med det absurde i at nordmenn køyrer milesvis i dyre SUV-ar for å handla bleier på tilbod. Han tek oss på kornet og avkler både eigen og andres egoisme.
I februar fekk EGO terningkast fem og strålande omtale av VGs Jon Selås: "Timinga er god, publikumsfrieria ikkje flaue, loopinga veltrimma (same poeng dukker opp gjennomgåande - sett frå litt nye vinklar). Aadne er ein mann som stortrivest på scena, og treng ikkje drita ut andre for å realisera seg sjølv. Han treng ikkje fyll eller sex for å gapskratta. Og har den uendelige fordelen at når han verkeleg treng grovare skyts, held det med litt, berre litt, for at det skal verka."
Fyrste rad
- Er det trygt å sitja på fyrste rad under showet ditt?
- Ja, ingen bør unngå å setja seg der. Det er jo litt spennande å snakka med folk og høyra kven dei er, men det er ingen som vert hengde ut, seier han beroligande.