17-åring sendt i arresten etter basketak med politiet
Ein 17 år gamal gut vil bli meldt for vold mot offentleg tenestemann og ordensforstyrring etter at han gjekk til angrep på politiet i natt.
Natt til laurdag måtte politiet rykka ut til eit arrangement på ungdomsshuset i Hegglandsdalen. Arrangementet skulle i utgangspunktet ha vore rusfritt, men då klokka nærma seg to måtte politiet visa bort tre personar på grunn av oppførselen deira.
– Oppdraget resulterte i at vi klokka 0316 pågreip ein 17 år gamal gut. Han nekta å oppgje personalia, og byrja å slåss med patruljen, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Hans-Erik Thue, laurdag morgon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politipatruljen måtte be om hjelp frå ein anna patrulje.
– Guten heldt det gåande heilt til han kom i arresten. Det er usikkert kva han var rusa på, opplyser Thue.
Operasjonsleiaren fortel vidare at det vert oppretta ei sak mot 17-åringen.
– Han kjem til å verta meldt for vold mot offentleg tenestemann og ordensforstyrring.
Elles har det vore ei roleg natt i Os.
camilla.kvamme@osogfusa.no