Historisk CD-sleppkonsert i Fusa

Fyrstkommande søndag vert det skipa til ein historisk konsert i Fusa kyrkje. Då vert den rykande ferske CD`en til "Dåpsperm for Fusa" lansert for fyrste gong.

Heilt sidan hausten 2008 har Fusa kyrkjelyd delt ut dåpspermar i samband med dåpssamtalane. Sidan den gongen har kyrkjelyden også hatt planar om ei CD-innspeling som støtte til innhaldet i dåspermen, og no er endeleg CDen ein realitet.

- Me er både stolte og glade for at CDen endeleg er ein realitet, vonleg til glede og inspirasjon for tru og liv for store og små, seier kyrkjelydspedagog Norunn Rød-Markhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokale aktørar

Dåpspermen er meint å fungera som ei grunnbok i trusopplæring, og er retta mot born i alderen 0-6 år og deira foreldre.

I permen finn ein blant anna i ei forenkla form dei grunnleggjande bibelforteljingane, med songar og bøner til. Og no vert denne altså supplert med ein CD med bibelforteljingane frå permen, lesne av skodespelar Anderz Eide frå Hålandsdalen, og eit utval av songane, framført av musikarar, grupper, kor og enkeltpersonar med lokal forankring.

Alle bidragsytarane med unntak av skodespelar Anderz Eide vil ta del i konserten søndag.

- Stemma til Anderz vil likevel lyda i kyrkjerommet då hanssi opplesing og "tolking" av bibeltekstane vil klinga mellom dei musikalske innslaga, fortel Rød-Markhus.

Av kor og band som vert med, nemner ho mellom andre Sjansespel, Strandvik Blandakor, Fjordn barnekor, Fusa Soul Children, #Fokus, Kor(t)pusten, Kyrkjekoret, Kjerstin Vinsjansen, Idar Rolland, Credo og Maria Midtrød.

Opprusting av operasjonsstover

På konserten vert det også mogleg å gje ei gåve til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt knytt til doktor Einar Eriksen sitt arbeid for brannskadde barn i Etiopia.

- Mange kjenner arbeidet gjennom Bruktbuo sitt engasjement. Medan Brukbuo samlar inn pengar til arbeidet på sjukehus i hovudstaden, vil kyrkjelyden sitt fokus vere opprusting av operasjonsstover og sengepostar slik at også brannskadde born i Sør-Etiopia kan få den hjelpa dei sårt treng, fortel Rød-Markhus som legg til at det etter konserten vert "sal" av CDen. Pengesummen går uavkorta til misjonsprosjektet i Sør- Etiopia.

Overskrifta over Fusa kyrkjelyd sitt arbeid for born og unge er i følgje Rød-Markhus "Rom for alle, rom for deg, trusopplæring steg for steg".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me vonar så mange som mogleg vil finna vegen til Fusa kyrkje denne ettermiddagen. Det er rom for deg, avsluttar kyrkjelydspedagogen.