Bror og son inspirerte mor og dotter

Mor og dotter, Toril og Mona Bjørgo Skåtøy opna denne veka interiørbutikken 2Villa i Os Næringspark. Med seg har dei på mange måtar sonen og broren, Tomas, som gjekk bort i 2014. - Tomas er grunnen til at eg våga å starta denne butikken, seier Toril.