Teknisk svikt hjå tekniske tenester

Pga. manglande mobildekning har publikum hatt problem med å få tak i tekniske tenester på dagtid. No kan WiFi Tale bli del av løysinga.

Sidan tekniske tenester flytta inn i det nye bygget i Kolskogen, har det tidvis vore problem med å få kontakt med dei som jobbar der.

- Alle Os kommunes tilsette har Telenor, og det nye bygget ikkje optimalt plassert i forhold til deira mobilmast, forklarer teknisk sjef Marianne Kramer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Null svar hjå teknisk vakt

Os og Fusaposten testa om det var råd å koma i kontakt med teknisk vakt måndag morgon, men det var ikkje svar i andre enden.

- Det same problemet opplever andre som prøver å kontakta oss på dagtid. Men teknisk vakt-telefon er til for å brukast utanom arbeidstid, når det skjer noko akutt, forklarer Kramer.

Når vakttelefonen er med dei tilsette heim, er det altså ikkje problem.

WiFi Tale

Like før jul tok nokre av dei tilsette til å prøva ut Telenor sitt nye konsept WiFi Tale.

- Telenor jobbar med å utvikla systemet. Det går ut på at ein nyttar det trådlause WIFI-nettet til å snakka i mobiltelefonen heller enn mobilnettet, seier Kramer.

Inn til vidare har dei erfart at det fungerer greitt på nokre telefonar og mindre greitt på andre.

- Nokre har installert WiFi Tale på sine telefonar. Det virkar førebels på nokre telefonar, litt avhengig av kva telefon dei har, seier Kramer.

Bruk fasttelefon eller epost

Dersom ein vil ha kontakt med teknisk vakt på dagtid er det inn til vidare best å bruka andre alternativ enn mobiltelefon. Fleire av dei tilsette på tekniske tenester nyttar no fasttelefon på jobb (telefonnummer ligg på Os kommune si heimeside). Også epostadressa tekniskdrift@os-ho.kommune.no kan nyttast.