Vengsvatnet rundt for 2. gong
100 spreke deltakarar var med i historias andre Vengsvatnet rundt søndag.
I fjor var fyrste gongen tur- og terrengløpet Vengsvatnet rundt var arrangert. Hålandsdalen vil gjerne gjera det til ein årviss tradisjon kvar haust.
Start og mål er ved skulen på Holdhus.Nokre valde å gå utan tidspress. Andre var opptekne av å koma fyrst i mål.
Artikkelen held fram under annonsen.
Raskast
Martin Dale frå HIL sprang fortast rundt vatnet i fjor. Han sa før start at han ikkje følte noko press, men at han hadde håp om å vinna også i år. Det klarde han. Han sprang dei 8 km med kupert terreng på 38 minutt og 12 sekund. Det var eitt sekund bak tida han hadde i fjor.
Andre vinnarar vart Emma Skjelbreid Poiree (Jenter 13-14), Eirik Hjartnes (Gutar 13-14), Katarina Aarseth (Jenter 15-16), Otto Femsteinevik (Gutar 15-16), Ingri Hovland (kvinner junior), Elin Eikeland Rød (kvinner senior), Raphael Poiree (menn senior). (For alle resultat sjå www.haalandsdalil.no)
Etterlyste fleire menn
Hålandsdalen Idrettslag var svært nøgd med å sjå så mange av sine på toppen av pallen, men ynskjer seg endå fleire deltakarar til neste år.
- Det er kjekt at alle deltakarane på kretssamlinga for skiskyttarar 13-16 år avsluttar samlinga med Vengsvatnet rundt, seier Vidar Hjartnes frå HIL.
Han meiner at ein slik konkurranse er bra for desse som no ladar opp til ein ny og spennande skiskyttarsesong.
Kenneth Opheim og Stian Rysjedal frå Vinnes etterlyste fleire i klassen for menn senior.
- Skriv i avisa at eg er usikker på om andre over 50 år vil kunna klara å gjennomføra eit slikt løp, foreslo Opheim.
- Då er eg sikker på at det kjem fleire til neste år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Opheim og Rysjedal var tydeleg slitne då dei kom i mål, men gjorde ein strålande innsats og var godt nøgde med prestasjonen.
Starta hardt og auka
Nær 30 born starta frå Skjelbreid og fekk såleis ei løype på 4 km rundt vatnet. Raskast av desse var Anders Rød (11) i guteklassen og Guro Femsteinevik (11) i jenteklassen.
Anders sa før start at han ville starta hardt og auka på etter kvart.
- Og så er det viktig at eg hugsar på å varma opp, sa han og sprang.
Etter målgang var han godt nøgd med løpet.
- Men eg gler meg til neste år. Då skal eg starta frå Holdhus, sa 11-åringen.
Ståle Rød sørgde for fengande musikk og speakerteneste som heldt publikum orientert om resultat.
Etter at alle var vel i mål var det premieutdeling med flotte premiar frå sponsorane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ståle Rød takka SPAR og LIFT UP for støtta.
- Det er kjekt å kunna dela ut skikkelege premiar.
Vinnarane i junior - og seniorklassane fekk pengegåve på kr 1000 og pallplasseringar i 13-16-årsklassane vart premiert med fine termosar. Alle deltakarane fekk fine ryggsekkar i deltakarpremie.