Tone Andreassen Vik, og resten av foreldrearbeidsutvalet ved Strandvik oppvekstsenter, kjem til å kjempa for å behalda nærskulen sin.
Tone Andreassen Vik, og resten av foreldrearbeidsutvalet ved Strandvik oppvekstsenter, kjem til å kjempa for å behalda nærskulen sin.

Til kamp for kvar sine skular

- Politikarane i Fusa bør ha fokus på korleis ein skal auka inntektene til kommunen, ikkje korleis ein skal spara mest mogleg.

Det meiner FAU-leiar ved Strandvik oppvekstsenter Tone Andreassen Vik.

Måndag gjekk fristen ut for å koma med innspel til høyringa om ny skulestruktur. Mange har engasjert seg i saka. Størst er engasjementet, naturleg nok, blant foreldra til dei som bruker skulane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vik peikar på at dersom ein skal gjera strukturendringar i skulen i Fusa, så bør prosessen ta vesentleg lengre tid, og saka bør vera langt betre utgreidd.

FAU-leiaren trekkjer fram fleire moment som FAU meiner kjem til å påvirka Fusa kommue sin økonomi, men som ikkje har vore belyste enno, så som trafikktryggleiken ved dei ulike skulane og skuleskyss for born som går på SFO.

Vik viser dessutan til samfunnsdelen i kommuneplanen der det mellom anna står skrive at "trygge oppvekst- og bumiljø sikrar ein ved eit godt og desentralisert skule- og barnehagetilbod, slik at flest mogleg kan gå til og frå skulen".

- Slik har vi det i Strandvik, påpeikar ho.

Vidare skriv FAU-leiaren at oppvekstsenteret dreg nytte av å vera samla under eitt tak, og at borna dreg nytte av aldersblanda klassar.

- Strandvik oppvekstsenter har lærarar som ser det positive med fådelte skular, og som verkeleg brenn for skulen vår, heiter det i uttalen.

Frå 1999 til 2015 var auka i folketalet i Strandvik, ifølgje FAU-leiaren, nesten 24 prosent. I Fusa totalt var talet 4 prosent.

- Fusa kommune bør nytta dei gode, desentraliserte skulane i marknadsføringa av kommunen, meiner Vik.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Set bygdene opp mot kvarandre

I Strandvik fekk Senterpartiet nesten 70 prosent oppslutnad i kommunevalet. Det meiner Vik er eit tydeleg signal om kva innbyggjarane i bygda ønskjer.

- Dersom politikarane i Fusa synest det er greitt å leggja ned ein god skule i ei bygd i vekst, så er politikarane heilt på kollisjonskurs med dei som bur i bygda. Då må vi ta saka i eigne hender, sa Vik til «Os & Fusaposten» kort tid før høyringsfristen gjekk ut.

«Why change a winning team?», skriv Nathan Lamp i uttalen frå FAU ved Holdhus oppvekstsenter.

Lamp siktar til den gode kvaliteten i skulane i Fusa.

- Fusa har lite fråfall i den vidaregåande skulen. Det er eit kvalitetstempel for skulane i kommunen. Men ein kan ikkje kvila på laurbæra. Ein må arbeida for å oppretthalda det gode nivået. Eit nivå ein har fått med ein desentralisert skulestruktur, skriv FAU-leiaren.

I uttalen til skulestrukturhøyringa skriv Lamp at det ikkje finst tungtvegande faglege argument for å leggja ned skular i Fusa. FAU-leiaren meiner høyringsdokumentet i saka bidreg til å setja bygdene opp mot kvarandre.

- Alle bygdene i Fusa slåss for sin skule. Det viser også valresultatet.

I uttalen tek FAU føre seg tema som skuleskyss, trafikksikring, vekst, fysisk aktivitet, konsekvensar for nærmiljøet, plassmangel og økonomi.

Artikkelen held fram under annonsen.

I argumentasjonen for alternativ 4, det vil seia alternativet som går inn for å leggja ned skulane i Strandvik og på Holdhus, står det mellom anna at nedlegginga vil føra til at ein får 4,1 årsverk til styrking av skulen.

- Me set spørsmålsteikn ved om dette er reelt. Er det slik at kommunen vil behalda meir pedagogisk personell enn det som det er krav om? I realiteten er det vel her det er pengar å spara? skriv Lamp.

Vidare kjem det fram av uttalen at foreldra ved Holdhus oppveksenter deler personalet si uro når det gjeld ressursar i skulen.

- Me bed om at politikarane prioriterer borna våre og aukar driftsbudsjettet til barnehage og skule.

FAU bed òg om ein langsiktig plan og ro kring skulane i Fusa.

- Vi treng ro for å utvikla skulen til det beste for borna våre.

Privatskule neste?

Tidlegare har det vore litt usikkerheit knytt til kva dei som soknar til Holdhus skule vil gjera dersom skulen vert nedlagt. No ser foreldra ut til å ha bestemt seg.

- Valet vårt er primært å vera ein del av den offentlege skulen i Fusa. Samstundes ser me nærskulen som så viktig for borna og bygda vår at me er villige til å satsa på privatskule dersom politikarane legg ned skulen, skriv Lamp og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det hjelper ikkje å få skuta på rett kjøl (jamføre overskrifta på framsida av «Os & Fusaposten» 19. september) dersom passasjerane dett over bord på vegen...

I høyringsuttalen frå FAU ved Nore Fusa oppvekstsenter, skriv foreldrearbeidsutvalet mellom anna at det vil vera eit alvorleg feilgrep å leggja ned skuledelen av Nore Fusa oppvekstsenter når Fusa kommune nyleg har gjort store investeringar for å samlokalisera skulen og barnehagen i bygda.

- Me krev framleis kommunal skuledrift ved Nore Fusa oppvekstsenter, heiter det i uttalen.

Foreldrearbeidsutvalet skriv også at Nore Fusa oppvekstsenter vert drive svært godt.

- Budsjetta vert haldne og fråveret blant dei tilsette er svært lågt.

FAU trur at å leggja ned skulen i Nore Fusa vil vera eit signal til potensielle tilflyttarar om at Fusa kommune ikkje er interessert i nye innbyggjarar.

Det store spørsmålet ein sit att med er: Kvifor skal ein tukla med skular som ein veit leverer kvalitet, og som det store fleirtalet er nøgde med, og kjem til å kjempa for dersom dei vert truga av nedlegging?, skriv FAU.