HLM Arkitektur)
HLM Arkitektur)

Baronsgården-plan godkjend på vilkår

Framlegget til Oshjørnet/Baronsgården er teikna heilt på nytt. No er framlegget godkjend på vilkår.

Det nye bygget er høgare og har plass til fleire husvære.

Les også:Ny plan for Baronsgården

Artikkelen held fram under annonsen.

Bygget blir i fem etasjar og husværa varierer i storleik frå 51 til 95 kvadratmeter.

Søknaden medfører at ein treng å søkja om fritak for 16 parkeringsplassar til bustaddelen.

I tillegg vert det søkt om frikjøp av 432 kvadratmeter leikeareal.

Ingen merknader

Omsøkte parsell ligg innafor reguleringsplanen for Osøyro. I tillegg vert søknaden berørt av Sentrumsplanen, mindre vesentleg endring av reguleringsplanen for Osøyro og parkeringsnormen for Os kommune, vert det opplyst i saksutgreiinga.

Tiltaket er ikkje vurdert å vera konflikt med dei registrerte biologiske verdiane i området. Det er heller ikkje kome merknader til søknaden frå naboar.

Seksjon for byggesak har gjort følgjande vurdering av saka: "Når det ligg føre ein godkjent plan, inneber dette at arealbruken er fastlagt gjennom ein omfattande politisk prosess der ulike interesser har hatt høve til å delta. Ein må derfor vera varsam med å dispensera frå ein plan som kommunestyret har vedteke med rettsleg bindande verknad. Kommunen skal likevel i kvar enkelt sak gjera ei konkret og reell vurdering av alle relevante tilhøve. Ein eventuell dispensasjon må vurderast ut frå dei omsyn som er fremja gjennom planen og ut frå følgjene ein dispensasjon kan få".

I samsvar med reguleringsplanen

Slik seksjon for byggesak ser søknaden er denne i samsvar med reguleringsplanen for Osøyro, Sentrumsplanen og mindre vesentleg endring av reguleringsplanen for Osøyro, heiter det i saksutgreiinga.

Dei meiner også at det ligg føre gode grunnar for å dispensera frå parkeringsnorm for Os kommune og Norm for felles leike- og uteopphaldsareal og godkjenna frikjøp av 16 parkeringsplassar og 432 kvadratmeter leikeareal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vilkåra

Byggesak godkjenner følgjeleg tiltaket på mellom anna følgjande vilkår:

* Det vert godkjent frikjøp av 10 stk. parkeringsplassar for utviding av bustaddel. Frikjøpsbeløp kr. 180.000 x 16 stk parkeringsplassar, til saman kr. 2.880.000, skal vera

innbetalt før det vert gjeve mellombels bruksløyve/ferdigattest for bygget.

* Det vert godkjent frikjøp av 432 m2 leikeareal for utviding av bustaddel. Frikjøpsbeløp kr. 4.000 x 432 m2, til saman kr. 1.728.000, skal vera innbetalt før det vert gjeve mellombels bruksløyve/ferdigattest for bygget.