Stor auke i talet på seksuallovbrot mot born
Vest politidistrikt legg i dag fram resultat for fjoråret. Det er registrert fleire valdtektssaker og ein stor auke i tal saker som gjeld seksuelle overgrep mot born.
– Det har vore ein auke i talet på seksuallovbrot på 26,7 prosent frå 2016 til 2017, skriv kommunikasjonsrådgjevar i Vest politidistrikt, Gry Benedicte Halseth i ein e-post.
I 2017 blei det registrert 203 valdtektssaker, noko som er ein auke på 17,3 prosent frå året før. Talet inkluderer også forsøk på valdtekt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ikkje mogleg ut frå tala å seia om det er ein reell auke eller om fleire har vald å melda lovbrota til politiet, skriv Halseth.
Stor auke i overgrep mot born
Vidare skriv ho at det framleis er ein kraftig auke i tal saker som gjeld seksuelle overgrep mot barn.
– Dette gjeld born i alle definerte aldersgrupper: under 16 år, under 14 år og under 10 år. For desse gruppene blei det registrert 392 saker i 2017 mot 236 i 2016. Ein auke på 66 prosent. Samanliknar ein med talet for 2015 (155 saker) har det i løpet av dei to siste åra vore ein auke på ca. 153 prosent. Ein vonar at auka fokus på seksuallovbrot mot born mellom anna gjennom media og OP Dark Room gjer at fleire står fram og melder slike lovbrot, og at den auka innsatsen frå politiet kan vera førebyggjande overfor potensielle lovbrytarar.
Andre tal frå politiet:
Det har vore ein nedgang på 13 prosent i talet på gjennomførte tilrettelagde avhøyr av born og personar med psykisk utviklingshemming det siste året. 520 i 2017 og 599 i 2016.
Talet på saker der gjerningspersonen er under 18 år aukar stort. 1.587 saker i fjor og 1.169 saker i 2016.
Talet vinningskriminalitet-saker gjekk ned frå 10.934 til 10.102. Også på landsbasis er det nedgang i denne kriminalitetstypen.
– Samstundes er tjuveri og grove tjuveri frå bustad eit problemområde. Talet på denne typen meldingar til politiet har auka, skriv Halseth.
Talet på ran og utpressingssaker er kraftig redusert dei siste åra, og denne utviklinga heldt fram i 2017.