Over 2.500 husstandar utan straum i Os
Kvart over sju i dag tidleg vart det mørkt frå Halhjem til Haugsneset.
BKK melder på si heimeside at 2.567 husstandar i Os er utan straum.
Denne gongen er det området Halhjem-Kuvågen og Haugsneset, Stølsvegen, Lyngvegen som er råka. Årsaka er "driftsforstyrrelse" og straumen er venta attende kl. 10.
Artikkelen held fram under annonsen.
Uvéret har ført til ei rekkje straumbrot i Hordaland natta gjennom. I går var store delar av Strøno og Nore Neset/Hagavik utan straum, men mannskap frå BKK sytte for at straumen var tilbake før midnatt, i alle fall for dei aller fleste.