Andris Hamre er stolt over å ha gjort sitt for å få meir hallkapasitet på Kuventræ. No håpar han nye engasjerte handballinteresserte kan ta handballgruppa til Os vidare.
Andris Hamre er stolt over å ha gjort sitt for å få meir hallkapasitet på Kuventræ. No håpar han nye engasjerte handballinteresserte kan ta handballgruppa til Os vidare.

Trapper ned innsatsen for Os-handballen

Etter å ha site som leiar i nær ti år til saman er Andris Hamre klar for å overlata leiarjobben for handballen i Os Turn til andre.

Måndag 22. februar er det årsmøte for handballgruppa til Os Turn. På agendaen står mellom anna val av ny leiar.

- Det er rett at eg ønskjer å tre av no. Eg har site som leiar i to periodar. Første gong i sju år, og no siste gong i to år, seier Andris Hamre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prioritering av tid

Han er klar på at det er mykje spennande som skjer på handballfronten, og at det ikkje er kontroversielle årsaker til at han no vil ut av styret.

- Det har vore gjevande og morosamt å vera leiar, men når alt kjem til alt, handlar det om tid og ressursar. No føler eg vel at eg har gjort min innsats for handall-gruppa og at det er dags for at nye klutar kan trå til, seier han.

Hamre er som kjent også styreleiar for handball Region Vest. I tillegg har han ein travel jobb som journalist for Midtsiden.no.

Camilla Hamre har vore dommaransvarleg i handballgruppa til Os Turn i seks år. Også ho seier takk for seg i samband med årsmøte i slutten av denne månaden.
Camilla Hamre har vore dommaransvarleg i handballgruppa til Os Turn i seks år. Også ho seier takk for seg i samband med årsmøte i slutten av denne månaden.

- Isolert sett er det mykje spennande innan handballen framover. Me får ny dobbelthall, rekrutteringa på herresida er har teke seg opp og damene skal forhåpentlegvis spela vidare i den nasjonale 2. divisjons-serien. Hadde eg hatt tid, ville eg kanskje vore med litt til, men no såg eg meg altså nøydd til å prioritera litt. Då var det naturleg at eg sa frå meg det eg har vore med på lengst, seier 44-åringen.

Ny dommaransvarleg

Samstundes som Andris annonserer sin avgang i handballstyret gjer kona hans, Camilla Hamre, det same.

- Ja, ho føler vel også på at det er på tide å trappa ned og la andre få sleppa til, seier Andris.

Camilla har site som dommarkontakt i seks år. I løpet av denne tida har dommargruppa i klubben blitt ein bra gjeng.

- Ein skal jo vera forsiktig med å skryta av sine nære, men eg må få seia at Camilla har gjort ein fin jobb. Då ho starta, hadde me tre-fire dommarar i handballgruppa. I dag har me kring 15, fortel Andris.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ettersom han og kona no skal ut av styret, håpar han at herrelagskaptein Trygve Lerch Dahl og Marius Troøyen tek eit år til.

- Det hadde i alle høve vore kjekt. Det er alltid bra med litt kontinuitet, seier han.

Interesserte har meldt seg

Det er gått nokre dagar sidan Hamre annonserte sin avgang på Facebook-sida si. I ettertid har han fått tilbakemeldingar frå eit par stykk som er interesserte i å vera med og gjera ein innsats for handballen.

- Det er ikkje mange, men eit par. Helst skulle eg sett at mange melde seg. Problemet dei siste åra er vel at me har vore litt få, og at arbeidsmengda følgjeleg har vore større, seier Andris, før han kjapt legg til:

- Men for all del: Eg har ikkje vore all verda flink til å delegera. Så litt av skulda for arbeidsmengda skal eg ta på meg sjølv, humrar 44-åringen.

Open for nyval

Heilt farvel med Os-handballen ønskjer han ikkje å ta. Heldigvis, vil mange truleg seia.

- Den siste tida har eg hatt gleda av å trena jenter 14-laget i lag med Amalie Lindborg Bøyum. Det har vore kjempemoro, og er absolutt noko eg har lyst til å halda fram med. Elles vil eg nok vera til stades på ein del kampar. Eg er jo glad i handball og folka eg har følgd opp gjennom åra.

I Region Vest er han elles open for å halda fram som styreleiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trivst veldig godt med å vera med på å vidareutvikla handball-sporten innanfrå og har sagt meg villig til å ta attval som leiar når det er val av nytt styre i mai. Så får me sjå kva det endar med der, avsluttar Andris.